Hopp til innhold

Nav meiner at eldre arbeidssøkarar blir diskriminerte

– Me ser eit veldig tydeleg mønster, og når eldre i 50-60-åra først mister jobben, går dei ledig dobbelt så lenge som dei under 30 år.

Frode Henden

STORE UTFORDRINGAR: Eldre arbeidstakarar som mistar jobben har problem med å komma seg i jobb igjen, seier pressekontakt i Nav Sogn og Fjordane.

Foto: Presse

– Når eldre arbeidstakarar først mister jobben, har dei store utfordringar med å finna nytt arbeid, det seier Frode Henden, som er pressekontakt i Nav Sogn og Fjordane.

I eit debattinnlegg oppmodar Henden arbeidsgivarar til å vekta erfaring og praktisk kompetanse tyngre.

Han ser at eldre søkarar er mindre attraktive på arbeidsmarknaden, og meiner at dette utelukkande kjem av alderen deira.

– Når me veit at denne arbeidskrafta er frisk, lojal og erfaren, har me eit problem med å finna ei anna forklaring.

Vanskeleg å komma i arbeid igjen

Ifølge Henden er ein person under 30 år som har vore ledig i 6 månader, i snitt ledig i 5,5 månader til. Tilsvarande for ein person over 60 år er 12 månader.

Han seier at arbeidsgivarar gjerne vel yngre søkarar sjølv om dei som kanskje er mest kompetente til jobben er 50 år eller eldre.

– I undersøkingar retta mot arbeidsgivarar svarar dei at dei er skeptiske til å ansetta dei eldre søkarane.

Henden forklarar at forsking har peika på denne utviklinga lenge, og han seier at statistikken til NAV også viser eit slikt bilete i Sogn og Fjordane.

– Det er synd. Me har ikkje råd til det heller når ståa er slik at me manglar folk i mange bransjar i fylket vårt.

Alvorleg samfunnsproblem

– No ser me at talet på langtidsledige aukar, særleg på Vestlandet.

Henden meiner at lange periodar utan jobb kan redusera den langtidsledige sin kompetanse, samstundes som dei ikkje får ta del i verdiskapinga som samfunnet treng.

– Den som blir ramma opplever først tap av inntekt, men forsking viser i tillegg sosiale, psykiske og helsemessige konsekvensar.

Henden hevdar at bedrifter som har ein god seniorpolitikk, ser på dei eldre arbeidstakarane sine som ein kjemperessurs. Han meiner at haldningane som arbeidsgivarar har til eldre arbeidstakarar må endrast.

– Det er på tide at me tar livet av dei dårlege haldningane.