Hopp til innhold

Naustedølene framleis sterkast i landet

Tambarskjelvar IL frå Naustdal hadde eitt mål, å vinne alt i lag-NM i vektløfting. Idrettslaget stilte i fire klassar og fekk gull i tre av dei.

Tambaskjelvar vektløfting NM

MANGE GULLMEDALJAR: Tambarskjelvar IL tok med seg det meste av gullmedaljar som vart delt ut under NM i vektløfting.

Foto: Elias Engevik / NRK

Denne helga vart lag-NM i vektløfting arrangert i Førdehuset. Fredag konkurrerte ungdommane og veteranane, men det var først på laurdag dei fantastiske resultata kom for sunnfjordingane.

Juniorgull, damegull og til slutt elitegull til Tambarskjelvar IL.

Gunnar Reiakvam

GOD INNSATS: Gunnar Reiakvam var godt nøgd med innsatsen til idrettslaget.

Foto: Elias Engevik / NRK

Det begynte med at juniorane løfta, og herifrå gjekk alt etter planen for Tambarskjelvar ifølge trenaren, Gunnar Reiakvam.

– Juniorane gjorde ein kjempeinnsats, og at vi deretter fekk jentene på plass er historisk, dette har vi kjempa for i mange år og endeleg gjekk det. Det er ei lykke å få til, seier han.

Og då elitelaget tok gullmedalje nummer tre same dagen, blei det vanskeleg for Reiakvam å halde tårene tilbake.

– Det er klart det kjem både ei og to tårer i augekroken, dette er veldig stort.

Opna dagen med juniorgull

Alt gjekk etter planen då gutelaget til Tambarskjelvar løfta i juniorfinalen på laurdag. Det er nemleg ikkje første gong dei vinn lag-NM, så det vart ikkje store overraskinga for løftarane då resultatet kom

Laget bestod av Jantsen Øverås, Tore Gjøringbø, Steffen Skjærli og Eirik Kalland. Med eit resultat på 787 poeng slo naustedølene både Nidelv IL frå Trondheim og Hitra LK frå Frøya.

Steffen Skjærli (15) er yngstemann på juniorlaget og synst det var stas å få gullmedalje.

– Dette er kjempekjekt, eg føler meg stolt. At vi skulle ta gull var planen, men det var verkeleg ein kamp for å få det til.

Tore Gjøringbø (19) var ein av dei som løfta tyngst på laget, og saman med Jantsen Øverås er dei også med i seniorklassa.

– Det er ikkje første gongen, vi har jo gjort det nokre år no. Så det er kjekt å halde på gullmedaljetradisjonen, seier Gjøringbø.

Avslutta med gull

Gjøringbø og Øverås deltok i både junior- og seniorklassane og måtte difor fordele kreftene riktig. Øverås var ikkje ein gong med på medaljeutdelinga for juniorane. Då var han allereie i full gong med å klargjere seg til neste finalerunde.

Etter å ha vunne to gullmedaljar kunne ikkje naustedølene berre stoppe der. Det var trass alt ei konkurranse igjen. Der vart det gull. Igjen.

Sindre Rørstadbotten var ein av dei som løfta tyngst og var godt fornøgd med dagen.

– Det er ei kjempegod kjensle å vinne gull. Veldig herleg å sjå kor godt vi jobba i lag.

Sindre Rørstadbotten løfar 176 kg

LØFTAR TUNGT: – Når eg står på podiet er det ganske tomt inne i hovudet, då er eg nett som eit villdyr, seier Sindre Rørstadbotten. Sjå han løfte 176 kilo i støyt.