Fylkesmann Oddvar Flæte krev budsjett-balanse. (Foto: NRK)
- Kravet er så enkelt, men likevel så vanskeleg, som at inntekter og utgifter må vere i balanse, seier fylkesmann i Sogn og Fjordane, Oddvar Flæte. Men dette har vist seg svært vanskeleg for Naustdal kommune.
Forverra vilkår
Ordførar i Naustdal Jan Herstad seier dette skuldast at vilkåra for kommunen forverra seg kraftig i løpet av våren. Endring i innbyggartal og mindre skatteinntekter er den direkte årsaka, seier han.
Underskotet for 2004 ser ut til å bli på meir enn to millionar kroner. Om ikkje Naustdal kommune klarar å spare inn desse millionane blir følgjene at Fylkesmannen vil ta over styringa av fleire funksjonar i kommunen, mellom anna saker som har med låneopptak å gjere.
For mange tilsette
Grunnen til underskotet kan forklarast enkelt seier Herstad:
- Vi har for mange tilsette i forhold til inntektene, seier Herstad.
Og så lenge dei har for store utgifter i forhold til inntektene, blir ikkje budsjettet godkjent seier fylkesmann Flæte.