Hopp til innhold

NAUSTDAL: Nesten reint fleirtal for Myrvang!

Håkon Myrvang kan kalle seg ein svært, svært populær ordførar. 15,4 prosentpoeng fram og fire ekstra i kommunestyret gir han nesten reint fleirtal i komande periode.

Håkon Myrvang og Helge Robert Midtbø

KLARE STANDPUNKT: Håkon Myrvang, som her blir gratulert med kjempevalet av Helge Robert Midtbø som sjølv gjorde eit kjempeval i Førde, trur Ap har tent på klare standpunkt i omstridde saker som gruvedrift i Engebøfjellet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vallogo

– Det er veldig uverkeleg. Eg har det veldig bra, seier Myrvang.

– Litt irriterande med berre eitt mandat frå reint fleirtal blant dei 21 i kommunestyret?

– Nei, nei, nei. Vi er så lukkelege. Dette er kjempevekst. Vi var nøgde med seks, og no har vi ti, jublar mannen som blir ordførar i fire nye år.

Her kan du lese alle resultata frå Naustdal, og her kan du sjå valsendinga til NRK og finne resultat frå alle kommunar etter kvart som dei blir klare.

Trur Ap har tent på tydeleg gruve-ja

Naustdal ligg høgt på lista over valdeltaking blant kommunane i fylket. Over 70 prosent har gitt si stemme. Noko av forklaringa på dette kan vere dei mange omstridde sakene, med gruvedrift og sjødeponi i Førdefjorden i spissen, i tillegg til skulesaker.

Myrvang trur Ap har tent på å ta klare standpunkt.

– Vi har vore veldig tydelege i desse sakene. Det trur eg innbyggjarane set pris på. Vi har vore tydelge i Engebøsaka og tydelege når det gjeld utbygginga av Naustdal barne- og ungdomsskule.

– No er det veldig mykje spanande arbeid som står att. No skal vi ha dette på plass, slik at vi får full fart på Naustdal, seier legg ordføraren til.

Deponimotstandarane stel frå kvarandre

Tydelege i gruvesaka har også motstandarane av sjødeponi vore.

Blant dei ser SV ut til å ha gjort eit kjempeval, fram 10,9 prosentpoeng og fram frå to til fire representantar. Men Venstre har fått halvert den prosentvise oppslutninga og gått tilsvarande ned frå fire til to mandat.

MDG, som stiller liste for første gang og som også protesterer mot gruveplananee, får 1,8 prosent og kjem ikkje inn i kommunestyret.

Ap + Høgre + KrF = sant

Håkon Myrvang held fram som ordførar i Naustdal. Det vil han gjere i fortsatt samarbeid med sine gamle partnarar.

– Vi har samarbeid med Høgre og KrF. Høgre og Ap har jobba i lag i åtte år. Vi har hatt stø kurs. Den skal vi halde oss på. Dette blir spennande, seier Myrvang.