Hopp til innhold

Naustdal skule med fleire brot på opplæringslova

Naustdal kommune har fått varsel om pålegg av Fylkesmannen grunna fleire brot på opplæringslova ved Naustdal barne- og ungdomsskule.

Naustdal skule

FLEIRE BROT: Naustdal Barne- og Ungdomsskule har fleire brot på opplæringslova, viser tilsyn.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Det var ein del manglar i vedtaka spesielt, noko som kan føre til at elevar ikkje får dei rettane dei har etter opplæringslova. Dette er alvorlege brot. Det seier sakshandsamar hos Fylkesmannen, Helge Pedersen.

Lovbrota omhandlar vedtakskompetanse hos rektor, rutinar på klagebehandling og saksbehandling av spesialundervising. I tillegg meiner Fylkesmannen at kommunen og skulen ikkje har eit godt nok system for å sikre elevar sine rettar til eit godt psykososialt miljø.

Klager frå foreldre

Bakgrunnen for tilsynet er ei oppmoding frå Barneombodet som har fått inn klager frå foreldre.

– Kommunen har gripe tak i det og starta arbeidet med å rette opp allereie. Eg håpar kommunen held fram med det arbeidet, og at vi får ei tilbakemelding i september der ting kanskje er retta opp, og at ein då har teke det som har kome fram til etterretning, seier Pedersen.

Byråkratisering av skulen

Rådmann i Naustdal, Øyvind Bang-Olsen, seier at dei vil følgje opp pålegget frå fylkesmannen, men at det er krevjande.

Øyvind Bang-Olsen

VIL FØLGJE OPP: Rådmann i Naustdal, Øyvind Bang-Olsen seier dei vil følgje opp pålegget.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Dette er synd. Dei funna som fylkesmannen har gjort no dei skal vi følgje opp. Vi har ein frist til september og den skal vi sjølvsagt følgje, seier Bang-Olsen.

Han hevdar dette varslar eit auka byråkratipress i norsk skule.

– Rettleiarar, generelle anbefalingar vert no rettsleg gjort. Dette er kapasitetskrevjande å følgje opp. Vi skal sjølvsagt gjere det vi blir pålagd. Men eg trur at med den rettsleggjeringa hadde det vore ønskjeleg at myndigheitene hadde medverka til at det var resursar i skulen til å følgje opp den typen standarar som no vert sett gjennom eit slikt type tilsyn, seier han.