NRK Meny
Normal

Ja til kommunesamanslåing i Naustdal

NAUSTDAL (NRK): Eit klart fleirtal i Naustdal kommunestyre har vedteke at kommunen skal slå seg saman med Førde, Gaular og Jølster. Men vedtaket er ikkje utan krav.

Einaste som stemte i mot

STO I MOT: Ole Erik Thingnes (SV) var den einaste som røysta i mot samanslåing då Naustdal valde å legge seg sjølv ned og bli del av noko nytt. Han ville attende til Vevring formannskapsdistrikt.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Frå før hadde dei tre andre kommunane sagt ja til ein storkommune i indre Sunnfjord. Med dagens ja frå Naustdal tyder alt på at storkommunen blir ein realitet.

– Vi hadde ein god diskusjon, og alle hadde respekt for innbyggjarhøyringa. Den låg til grunn for det vedtaket som er gjort, sa ordførar Håkon Myrvang (Ap) til NRK rett etter at vedtaket var gjort.

Røystinga enda 20 mot 1, der SV sin representant Ole Erik Thingnes var den einaste som stemde i mot ei samanslåing.

Godtek ikkje tvang

Vedtaket frå formannskapet vart stemt ned. I staden gjekk fleirtalet for samanslåing etter eit alternativt framlegg frå Åsmund Berthelsen (SV). Framlegget var likt det frå formannskapet, men med to tillegg som sa at dei fire kommunane må bli likt representert i nemda som skal ta arbeidet vidare. Og at ein fylgjer friviljugprinsippet i det vidare arbeidet med kommunereforma.

I klartekst betyr det at Naustdal ikkje vil godta at Fylkesmannen eller Stortinget gjer grep som fører til at Askvoll og/eller Fjaler blir innlemma med tvang i den nye storkommunen.

I både folkerøystinga og innbyggjarundersøkinga i Naustdal stemde folket for ei samanslåing.

– Når ein no seier ja til å gå inn i ein storkommune, er det viktig at alle innbyggjarane får gevinst. Det er alfa omega. Det var gode innlegg på det området, og det vert viktig for arbeidet som skal skje vidare, seier ordførar Myrvang.

Motarbeide stagnasjon

Under den timelange debatten vart det reist otte for at Naustdal skulle stagnere når dei no blir ein utkant i ein større kommune. Naustdal har hatt ei positiv utvikling dei siste åra, til tider med prosentvis betre folkevekst enn Førde. Arbeidarpartiet sin gruppeleiar Annlaug Birkeland var klar på at den store kommunen måtte satse på Førde sentrum for å vinne i kampen mot andre kommunar.

– Men vi tenkjer at den gode veksten og utviklinga som vi har hatt i Naustdal ikkje må stagnere. Det er ofte slik at når ein har fokus på nye prosjekt, så vil ein ikkje lenger ha same trykk og fokus på det gamle. Det har vore litt av vår skepsis, seier Birkeland.

– Saman med kommunane vi skal slå oss saman med må vi lage ein strategi for korleis vi skal unngå stagnasjonen, held Birkeland fram.

Eigentleg i mot

Eigentleg er eit fleirtal i Naustdal kommunestyre i mot kommunesamanslåing. Både SV og Ap hadde nok mot-røyster til å behalde Naustdal som eiga eining.

Men samtlege valde å fylgje folkeviljen i folkerøystinga og i innbyggjarundersøkjinga. Birkeland vedgår at det er med blanda følelsar ho går i mot eiga overtyding.

– Vi har snakka mykje om det men vel å respektere folket si avgjersle, seier ho.

Ville attende til Vevring

SV sin Ole Erik Thinges la fram eit framlegg om å gå motsett veg: å dele opp Naustdal i mindre deler.

«Deler av Naustdal kommune går attende til å heite Vevring Formannskapsdistrikt, slik som vedteke i 1837. Oppdelinga tek utgangspunkt i gamle Vevring kommune, slik den var før samanslåinga 01.01.1964» sto det mellom anna i framlegget.

Framlegget var blodig alvor for Thingnes, og kan reknast som eit protestframlegg mot kommunereforma, som han ser på som ei stor sentraliseringsreform.

– Dette er ein ovenfrå og ned-reform. SV vil ha ei meir frivillig samanslåing og ynskjer ikkje å bli piska på plass. Fleirtalet for samanslåing hjå folket ser eg på som eit fleirtal for endring. Denne reforma er ein sentraliseringsreform. Det vil vi få merke, seier Thingnes til NRK.

Han meiner også at lokaldemokratiet blir svekka og ikkje styrka, slik Regjeringa hevdar.