NRK Meny

Naustdal-ja til storkommune

Eit samrøystes formannskap i Naustdal ber kommunestyrepolitikarane røyste ja til ein storkommune med Førde, Gaular og Jølster. Vedtaket er i tråd med ynskje til innbyggjarane i kommunen og skjedde samstundes som kommunestyret i Jølster gjorde same vedtak i går. Både Gaular og Naustdal skal handsame saka i kommunestyret høvesvis 28. og 30. juni.