NRK Meny

Naustdal fekk debuten

Torje Naustdal debuterte i går med flagget på brystet. Midtbanespelaren frå Florø fekk dei 20 siste minutta som innbytar då G18-landslaget i fotball tapte 0–3 for Portugal. Johan Hove frå Sogndal spelte heile kampen, som var den første av tre kampar i ei turnering i Portugal. Fredag ventar Tsjekkia.