NRK Meny
Normal

Nausta får 700.000 kroner i trappestøtte

Etter mykje dugnadsarbeid og økonomisk smell, kan eleveigarlaget no gle seg over pengar til laksetrapp i Nausta.

Utbetring av inntaket til laksetrappa ved Hovefossen i Nausta

FÅR STØTTE: Nausta Elveeigarlag får støtte av Miljødirektoratet til fisketrappa ved Hovefossen.

Foto: Alf Vidar Snæland

Det er Miljødirektoratet som gir 700.000 kroner til utbetring av fisketrappa ved Hovefossen.

– Det betyr veldig mykje for økonomien i laget. Vi gjekk på ein smell i fjor då vi tok ei hasteutbetring av trappa, seier Eiliv Erdal som leiar i Nausta Elveeigarlag.

Det er til saman to nasjonale laksevassdrag som får støtte til fisketrapper. I tillegg til Nausta får også Vefsna i Nordland støtte frå Miljødirektoratet.

Støtta til Nausta Elveeigarlag går til utbetring og sikring av laksetrapp i Hovefossen der trappa ikkje har fungert på alle vassføringar. I tillegg til tilskotet på nær 700.000 kroner bidreg elveeigar laget med dugnadsinnsats og eigne midlar.

Stort engasjement

Engasjementet for elva er stor i elveeigarlaget i Naustdal, og allereie i fjor var det stor dugnadsinnsats for å betre fisketrappa i elva. Då var det ei stor blokk i inntaket som hadde vakla i fleire år og heldt på å dette ut i Hovefossen. Erdal seier den fort kunne bli til skade for både laks og fiskerett.

Så i fjor haust demde dei av elva med god hjelp av Naustdal Bygg. Erdal seier kostnadane vart større enn dei hadde rekna med.

– At Miljødirektoratet no eit år etterpå tek ansvaret som eigar av trappa og bidreg med store summar for å betale for det vi har gjort og skal gjere vidare, ser vi veldig positivt på.

No skal dei betale resten av rekningane etter utbetringane i fjor.

– Vi har og no midlar på bok til vidare arbeid som skal gjerast i trappa. Heile elveeigarlaget er svært letta, seier Erdal.

Prislappen for reparasjonane på inntaket til laksetrappa var først på vel 150.000 kroner, men enda til slutt på det dobbelte.

(Artikkelen held fram under videoen)

Her held elveeigarlaget på med arbeid ved Hovefossen i fjor haust:

Laksetrappa i Hovefossen i Naustdal blir no utbetra for å gjere laksefiske i elva meir attraktivt. Prislappen har blitt langt høgare enn det elveeigarane såg for seg, men det er likevel verdt det meiner dei.

REPARASJON: Inntaket til laksetrappa ved Hovefossen i Nausta blir no utbetra for fleire hundre tusen kroner. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland/reporter: Bård Siem

Mykje å seie for grunneigarane

Fisketrapper for anadrome laksefisk er rekna for å vere eit av dei viktigaste fiskeforsterkingstiltaka i Norge, skriv direktoratet på sine sider.

Mykje av grunnen til at elveeigarlaget no får pengar frå direktoratet er eit resultat av arbeidet «Nausta Prosjektet» har gjort no i fleire år, seier Erdal.

– Det har veldig mykje å seie for inntekta til grunneigarane at trappa fungerer. I år ser vi at veldig mykje av fisken som vart teke i Nausta vart teke ovanfor Hovefossen. Så trappa fungerte godt i år på ekstremt liten vassføring, og det har mykje å seie for dei som skal leige ut, seier Erdal.

Han fortel at slik Nausta er no, er det i området ovanfor fossen som har dei beste gyte- og oppvekstvilkåra for laksen. Dermed er det viktig at fisketrappa fungerer.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser