– Det er jo dramatisk når du får ei slik melding. Vi såg jo alle kor sterk vind det var, og det var jo umogeleg å drive sløkking på bakken. Det var spennande fram til vi fekk hjelp av helikopter som til slutt fekk kontroll på brannen, seier ordførar i Solund, Gunn Åmdal Mongstad (Sp).
Ho er veldig letta for at det ikkje vart skade på folk og hus. Ho rosar både brannvesenet, Sivilforsvaret og dei mange frivillige for kjempeinnsats.
Måtte bruke mobiltelefon
Ho er ikkje så begeistra for tilbakemeldingane om at det nye, digitale naudnettet ikkje fungerte alle stader.
Berre ved å flytte seg nokre meter opplevde dei som deltok i sløkkearbeidet at nettet fall ut.
– Manglande naudnett fekk denne gongen ikkje konsekvensar for sløkkearbeidet, men det ville gjort koordineringa lettare mellom dei ulike etatane. No måtte mannskapa bruke mobilnettet, som heller ikkje har like god dekning alle stader, forklarar Åmdal Mongstad.
Krev oppgradering
Ho seier at Solund kommune har teke problemstillinga opp med både 110-sentralen og fylkesmannen, men utan at det har skjedd noko.
– Når det oppstår ei krise må vi kunne kommunisere godt. Med varierande kvalitet på både mobilnettet og naudnettet så kan det skape problem. Det er jo eit utfordrande terreng å få eit godt samband i. Vi meiner det må gjerast ein skikkeleg gjennomgang, og så må det gjerast oppgraderingar, seier ordføraren.
– Har utfordringar
Avdelingsdirektør for naud- og beredskapskommunikasjon i DSB, Sigurd Heier, seier at dei er kjende med at naudnettet har utfordringar vest og sør i Solund kommune.
Punkta står også på ei liste over område der prøver å kompletter dekningsgraden.
– Nettet har ikkje feil. Det er bygt ut som planlagt. 86 prosent dekning av landområda er bra, men likevel ikkje bra nok om det brenn eller er ulukke der det ikkje er dekning, seier han.
Prioriterer område
Heier seier naudetatane er kjende med utfordringane og gjer tiltak for å løyse dei.
Områda der DSB ser føre seg utbetringar eller komplettering av naudnettet, blir prioriterte. Det er difor uvisst når ordførar Mongstad får oppfylt ynskje om betre dekning.
– Vi prioriterer særskilt utkallingsområde for brann, ein del spesielle område som turisthytter, utfartsknutepunkt og vegstrekkjer der naudetatane er samstemte om behov, seier Heier.