– Vi vil prøve å forstå korleis sosiale medium kan brukast til å få meir utfyllande informasjon når det skjer store ting som til dømes brann og flaum, fortel Ivar Petter Grøtte, forskingsleiar i Vestlandsforsking.
Vestlandsforsking har denne veka hatt besøk av over 20 internasjonale forskarar og partnarar i europeiske naudetatar. Saman arbeider dei med forskingsprosjektet «EmerGent» for å få meir kunnskap om sosiale medium si rolle i krisesituasjonar.
- Les også:
- Les også:
Verdifull publikumsinformasjon
Med ny teknologi vil dei gjere det lettare for kriseleiingar og naudetatar å finne og bruke informasjon som vert spreidd på sosiale medium.
– Der vert mykje dokumentert, og om ein kan ta ut informasjon herfrå kan det vere veldig nyttig for naudetatane.
I dag finst det ikkje noko intelligent system som kan filtrere ut nyttig informasjon frå nettet. Storflaumen i oktober 2014 gjorde stor skade i mellom anna Flåm og Lærdal. Kontakt med publikum gjennom sosiale medium kunne vore viktig her.
– Det kan jo skje noko ein stad der naudetatane ikkje er merksame, som til dømes at ei elv stig. Då kan ein person ta bilete av det, fortel Grøtte.
- Les også:
- Les også:
(Artikkelen held fram under)
Rask tilgang til bilete
Dei fleste nyttar mobilen til å dele informasjon på sosiale medium. Ein mobil har ein posisjon på kartet, den kan brukast til både å ta bilete og å filme med, samstundes som du kan skrive tekst.
– Noko som betyr at ein kan få inn mykje presis informasjon fort. I dag er dette delt i to. Sosiale medium er ein ting og dei profesjonelle systema til naudetatane er ein annan ting. Vi vil finne ut korleis desse to kan koplast saman, seier han.
også fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand trur bruken av sosiale medium kan bli viktig i framtidige krisesituasjonar.
– Det vert nok eit viktig supplement til andre måtar å få informasjon frå publikum på, men også det at det er mogleg å kommunisere den andre vegen også, seier Stensvand.
– Kan godt brukast meir
Fleire stader i Europa har ein testa ut liknande system med god erfaring, fortel Dieter Neussler, tidlegare president for Federation of the European Union Fire Officer Associations.
– Bruken av sosiale medium er ikkje så stor som den kan bli. Dei som har testa slike system har veldig god erfaring med det, og fått god kontakt med publikum. Vi håpar å få overbevist alle kollegaene våre om å bruke meir sosiale medium i framtida, seier Neussler.
Det EU-finansierte forskingsprosjektet held fram til 2017. Då håpar dei å ha eit datasystem klart til kommersielt bruk.
– Målet er å få til ei betre teneste og eit betre produkt som vi sjølvsagt håpar å få ta i bruke her også, seier Grøtte.