Hopp til innhold

Naturvernforbundet refsar fylkesordføraren

Naturvernforbundet meiner Jenny Følling (Sp) var ugild då ho på vegner av fylkeskommunen engasjerte seg i avslaget til vindkraftparken på Bremangerlandet. – Utidig, svarar fylkesordføraren.

Erik Solheim

IRRITERT: Erik Solheim meiner å sjå ein tendens der fylkeskommunen nesten alltid stiller seg positiv til vindkraftutbygging. – Det er ubegripeleg kvifor Sogn og Fjordane fylkeskommune driv på med dette køyret. Dei har nesten konsekvent støtta alle former for vasskraftverk og vindkraftverk, seier han.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Dette er rotete og skadeleg handtert, seier Erik Solheim i Naturvernforbundet.

Han reagerer kraftig på at fylkesordførar Jenny Følling er styremedlem i interesseorganisasjonen Vindkraftforum Sogn og Fjordane, der også utbyggjaren på Bremangerlandet er medlem.

– Uryddig rolleblanding

Jenny Følling på kontoret på fylkeshuset på Hermansverk

AVVISER: Fylkesordførar Jenny Følling avviser kritikken frå Naturvernforbundet. – Det å hevde det Solheim gjer, er eit forsøk på å dømme nokon ut av ei sak, og ikkje ha standpunkt, seier ho.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Saman sit dei side om side med fylkeskommunen i klagesaka. Solheim meiner rolleblandinga til fylkesordføraren er uryddig.

– Den reiser tvil om ho handlar som topp-politikar i fylket, eller som representant for næringsinteresser, seier han.

Følling stiller seg heilt uforståande til reaksjonen til Solheim, og meiner Naturvernforbundet ikkje toler andre standpunkt enn sine eigne.

Bremangerlandet vindpark sett frå strandkanten nedanfor Vågsberget handelsstad

VINDPARK: Slik vil vindparken sjå ut frå strandkanten ved Vågsberget handelsstad.

Foto: Katrine Bjørnstad / Ask Rådgivning

– Erik Solheim prøver å dømme nokon ut av saka, fordi han ikkje likar standpunkta. Det er ikkje demokratisk. Eg tykkjer det er ganske utidig, seier ho.

Fekk avslag hos NVE

Det er Vestavind Kraft som står bak planane om eit vindkraftverk som kan produsere 250 GWh i året. Det svarar til straumforbruket til kring 12 500 husstandar.

Jan Fridtjof Bernt

HAR POENG: Jan Fridtjof Bernt seier det er ei vanskeleg sak å vurdere, men meiner Naturvernforbundet kan ha eitt poeng.

Foto: Ketil Jordan / NRK

Men NVE meiner mellom anna at dei mange vindmøllene ikkje vil sjå fine ut, og gav før jul i fjor avslag. Dei konkluderte også med at vindkraftverket ikkje vil vere samfunnsmessig rasjonelt sett i samanheng med andre vindkraftprosjekt i regionen.

Bremanger kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune var positive til saka. Fylkesmannen fremja motsegn, medan Miljødirektoratet rådde frå konsesjon.

Solheim meiner Følling truleg har vore ugild til å handtere saka.

– Dette er frå fylkesordføraren truleg lovstridig handtering. Vi kan ikkje vite om fylkesordføraren handlar på vegner av utbyggjaren, seier han.

– Vil avgrense

Fylkesordføraren hevdar ho har sitt på det tørre, og at ho ikkje kan skjøne at nokon set spørsmål ved at ho er gild i saka. Følling understrekar at verken fylkeskommunen eller vindkraftforumet er partar i klagesaka. Ho peikar på at fylkesutvalet ba ho skrive ei støtte-erklæring til utbyggjaren då klagesaka kom, då fylkeskommunen er ein høyringsinstans på lik linje med naturvernforbundet i denne saka.

– Habilitetsreglane gjeld for den som førebur og avgjer ei sak. Fylkeskommunen gjer ingen av delane. Det å hevde det Solheim gjer, er eit forsøk på å avgrense kva synspunkt som skal komme fram, seier ho.

Jussprofessor Jan Fridthjof Bernt ved Universitetet i Bergen, som er ekspert på habilitetsreglane, deler Følling si oppfatning av habilitetsreglane. Han meiner likevel at Solheim har eit godt poeng.

Ekspert: – Kan vere ugild

Bernt trur Følling kan ha vore ugild.

– Det ligg føre ein klage frå organisasjonen for vindkraftutbygging, der fylkesordføraren er medlem av styret. Det vil seie at ho då er inhabil i alle saker der denne organisasjonen er part, seier han.

– Når fylkeskommunen uttaler seg i saka, så opptrer ho som ein representant frå fylkeskommunen og må vere underlagt dei same reglar som i andre saker når det gjeld inhabilitet.