- Eit dramatisk inngrep i naturen, meiner leiar Erik Solheim i Naturvernforbundet. Han seier at både populære turruter og våtmarksområder vil bli øydelagde dersom det blir kraftutbygging.
Vil gje kraft til 5.000
Veitastrond. (Foto: T. Bjellaas, NRK)
I forrige veke vart det kjent at selskapet Småkraft vil byggje ut vassdraga i seks ulike dalføre på Veitastrond. Seks anlegg som til saman vil kunne produsere nok straum til 5.000 husstandar. Men sjølv om det totale volumet er stort, meiner direktør Rein Husebø at inngrepa i kvart vassdrag er små.
Erik Solheim og Naturvernforbundet er ikkje samd med Husebø i at inngrepa er små. Han meiner at iallefall to av dalføra bør skånast heilt for inngrep.