NRK Meny
Normal

Naturvernforbundet krev vedtak vurdert på ny

Straumtilhøva i Førdefjorden må gjennom ei ny og grundig gransking. Det krev leiar Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet.

Lars Haltbrekken

VIL HA NY GJENNOMGANG: – Det har dei høve til, for regjeringa har framleis ikkje avgjort vår anke på løyvet som er gitt, seier Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Forskarar ved Universitetet i Bergen meiner det er sider ved straumtilhøva i Førdefjorden som ikkje er godt nok undersøkte. Dei meiner det under visse omstende kan oppstå kraftig turbulens i området der det er planlagt å deponere gruveslam.

Naturvernforbundet krev at vedtaket om deponi blir vurdert på ny.

– No må ein ta ein ny gjennomgang av saka. Opplysningane som er kome er ganske kritiske, og både SINTEF og andre stadfestar at dei ikkje har vurdert dette i sine utgreiingar, seier Haltbrekken.

Fenomen kalla «hydraulisk sprang»

Rett søraust for det planlagde deponiet i Førdefjorden ligg det tronge Ålasundet. Der var folk frå Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen på tokt i 2014. Forskarane meiner det her kan oppstå eit fenomen som kallast hydraulisk sprang, noko som kan føre til kraftig turbulens i området der det planlagde deponiet skal ligge.

Hydraulisk sprang i Førdefjorden
Foto: Gregory Idehen

Blir turbulensen kraftig nok kan det kvervle opp partiklar frå gruveslammet, som så kan bli ført med tidvatnet utover i fjorden og ut av det fire kvadratkilometer store området som er avsett til fjorddeponi.

Dermed kan ein større del av livet i fjorden bli påverka av slammet.

– Kunnskapshol i vedtaka

Regjeringa sa i april i år ja til reguleringsplanen for gruvedrift og gav utsleppsløyve. Men Haltbrekken meiner dette må gjerast om.

– Dei er veldig opptekne av å ta avgjerder basert på kunnskap, og når det viser seg at det er eit kunnskapshol i vedtaka som er gjort, må ein ta saka opp att på ny.

Det er Nordic Mining som vil vinne ut rutil frå Engebøfjellet i Vevring og deponere restmassane i Førdefjorden. Direktør Ivar Fossum vil ikkje kommentere saka gjennom NRK.

Trur ikkje saka kjem opp på ny

For Naustdal kommune betyr gruvedrift i Engebøfjellet over 100 arbeidsplassar og gode inntekter. Ordførar Håkon Myrvang (Ap) er saman med eit stort fleirtal i kommunestyret positive til både gruvedrift og fjorddeponi. Han trur ikkje den nye informasjonen vil føre til at saka om fjorddeponi må opp på ny.

– SINTEF og Veritas har målt straumane i eit heilt år. I utsleppsløyvet er det også lagt opp til kontinuerleg overvaking, kjem ein opp i grenseverdiar skal deponeringa stoppe opp, seier Myrvang.

NIVA er mellom forskingsinstitusjonane som regjeringa støtta seg til då vedtaket om utsleppsløyve vart gitt. Ingen av dei aktuelle forskarane i NIVA var tilgjengelege for intervju, men medierådgjevaren viser til rapporten om Førdefjorden.

Der står det at modellresultatet sannsynleggjer at terskelen i Ålasundet skaper aktivitet frå indre bølgjer ned til omtrent 200 meters djup, og at det vil vere naudsynt å overvake sjiktinga i djupvatnet over tid.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå