NRK Meny
Normal

Naturvern skapar trøbbel for telefonkundar

Eit naturreservat har stoppa Telenor i å reparere ein telefonkabel på Kråkenes i Vågsøy i nesten eit halvt år. Årsaka er at Fylkesmannen har nekta Telenor å gjere gravearbeid i reservatet.

Kråkenes

REDUSERT SAMBAND: Her på Kråkenes i Vågsøy har dei levd med eit ustabilt fasttelefonnett sidan nyttår.

Foto: Stig Silden

– Det er sterkt beklageleg at bebuarane har hatt så store problem med telefonsambandet. Problemet vårt er at vi ikkje har fått lov å gå inn og reparere kabelen, seier regional informasjonssjef i Telenor, Per Aril Meling.

Heilt sidan eit kraftig lynvêr rundt nyttår har fire husstandar i havgapet på Kråkenes levd med eit svært ustabilt telefonsamband. Dei største problema starta ifølgje Telenor i februar, og dette har vore ei ekstra belastning for den vesle bygda som heller ikkje har skikkeleg mobildekning. Då Telenor, som eigar av linja, skulle reparere feilen, vart dei nekta av Fylkesmannen. Årsaka er at kabelfeilen ligg i eit område som er verna.

Oppgitt over Fylkesmannen

Torfinn Kråkenes

LEI: Torfinn Kråkenes meiner Fylkesmannen har vore urimeleg.

Foto: Privat

Torfinn Kråkenes er ein av bebuarane som er råka. I eit lesarinnlegg i Fjordenes Tidende luftar han frustrasjonen sin.

– Om eg skulle ha akutt behov for ein sjukebil så nyttar det ikkje å setje meg i bilen og køyre inn i fjellet for å finne dekning. Det skjønar jo alle, seier han til NRK.

Kråkenes er oppgitt over at Fylkesmannen ikkje har late Telenor få rette feilen.

– Dette er eit område som både har vore grave i og brukt som beite i fleire år. At det no plutseleg skal vere så skadeleg å setje eit spadetak er heilt utruleg, seier han.

Lovar full mobildekning til hausten

Per Arild Meling

LOVAR LØYSING: Regional informasjonssjef i Telenor, Per Aril Meling.

Foto: Telenor

Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen seier dei har informasjon frå Telenor om at inngrepet ville blitt større enn berre eitt spadetak.

– Realiteten er at det er eit veldig verdifullt myrområde, og ganske eineståande i Norge og i Norden. Då ønskjer ein ikkje å gjere inngrep som ikkje er heilt naudsynte. Telenor har sagt til oss at dei skal sjå på alternative løysingar, seier seniorrådgjevar Johannes Anonby.

Og ifølgje Meling i Telenor er alternative løysingar no i utvikling.

– Den kortsiktige løysinga er å leggje ei reserveløysing på motsett side av vegen slik at vi så fort som mogleg får opp eit godt samband til husstandane der ute. Utover hausten tek vi sikte på å få opp mobilsendar med høg kapasitet og endrar sektoren slik at det vert veldig god dekning for bebuarane der, seier han.