Hopp til innhold

Naturkreftene knuste reiskapshus: – Steinane kom som prosjektil

HYEN (NRK): Fire grendelag i Hyen er framleis isolerte etter uvêret tysdag. Naturkreftene gjorde store øydeleggingar, mellom anna på garden til Bjørn Petter Rygg.

Bjørn Petter Rygg

– PROSJEKTIL: Bjørn Petter Rygg seier steinar kom som prosjektil med vassmassane tysdag.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

I tillegg til dei store øydeleggingane i Jølster, fekk òg innbyggjarane i Hyen i Gloppen merke naturkreftene tysdag kveld. Gardbrukar Bjørn Petter Rygg seier det er vanskeleg å førestille seg kva som har skjedd.

– Det må ha kome enormt med vatn heilt frå toppen av fjellet. Vi ser at elvane ovanfor støylane har skura på berget og teke med seg masse heile vegen. Alt har hamna her nede.

Dei store massane delte reiskapshuset på garden til Rygg i to.

– Steinane kom som prosjektil med vatnet. Murane vart nesten pulveriserte.

Ras over gard Hyen

STORE ØYDELEGGINGAR: Stein- og jordmassar har gjort store øydeleggingar på garden til Rygg.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Trudde den stod trygt

I tillegg til reiskapshuset er mellom anna ei gravemaskin gravlagt under jordmassane.

– Vi trudde den stod trygt. Vi hadde ikkje drøymt om at noko slikt skulle skje.

Rygg fortel at skadane gjer gardsdrifta vanskelegare, og at dei mellom anna må lage ny veg til hønsehuset for å få inn kraftfôr og ut egga.

– Elles mista vi vassforsyninga vår, som var i den gamle delen av reiskapshuset. Det første eg tenkte på var å få vatn til hønene, for utan vatn er det slutten. Heldigvis fekk vi kopla på ei reservevassforsyning frå naboen, så vi klarer oss foreløpig.

Isolerte

Elva tok òg med seg brua på fv. 691. Grendelaga Ommedal, Gjengedal, Mjellem og Rønnekleiv er isolerte medan Vegvesenet arbeider med å få på plass ei mellombels bru. Denne kjem truleg på plass fredag, ifølgje Statens vegvesen.

– Det er slike ting som vi veit blir gjort noko med ganske raskt. Alle er avhengige av å få levere mjølk og egg, og å få inn fôr. Det er avgrensa kor lenge vi kan vere utan vegforbindelse, så eg trur det kjem ei ordning i løpet av eit par dagar.

Rygg meiner innsatsen bygdefolket gjorde for å få rydda massar ut av elva var avgjerande for at øydeleggingane ikkje vart større.

– Elva fylte seg opp og fløymde over. Om ein ikkje hadde fått begynt å få ut massane frå elva hadde heile flatene vorte overfløymde, seier han.

Øydelagd bru Hyen

VASKA VEKK: Brua på fv. 691 vart vaska vekk av vassmassane. Vegvesenet håpar å få på plass ei mellombels bru fredag.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Miste mykje utstyr

Østen Olai Ommedal peiker opp mot støylen. Det var sannsynlegvis der det starta, seier han. Massane har truleg kome høgt oppe frå. Vatnet var brunt fordi det kom så mykje jord.

– Det kom ei enormt stor bye på veldig kort tid, og vasstanden i elva auka enormt. Den tok med seg masse stien og jord, som følgde elva nedover.

Ommedal fortel at dei ikkje full oversikt over skadane enno.

– Vi har mykje utstyr ståande her nede, mykje av det for. Naboen har ein lagerbygning som rasa saman, med utstyr under. Så akkurat tal har vi ikkje, men mykje utstyr har gått tapt.

Østen Olai Ommedal

MISTE UTSTYR: Østen Olai Ommedal fortel at dei miste mykje utstyr i uvêret.

Foto: Oddmund Haugen / NRK