NRK Meny
Normal

Natur og Ungdom blokkerer Engebøfjellet i 24 timar

Natur og ungdom gir seg med aksjonane mot gruvedrifta i Engebøfjellet i denne omgang. Men dei lovar å komme tilbake.

Aksjonerer på Engebøfjellet

SISTE DAG: Det er siste gong aksjonistane er på plass på Engebøfjellet i denne omgang.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– I dag startar siste fase av aksjonane i denne omgang. Vi skal ha markering både på fjellet og i bygda der vi viser motstand mot regjeringa sin motstand mot å lytte til miljøfaglege råd. Det seier leiar i Natur og Ungdom, Ingrid Skjoldvær.

I tett snødrev har rundt 50 aksjonistar tatt seg til Engebøfjellet der maskinene til Nordic Mining gjer prøveboringar for gruvedrift. Fleire aksjonistar har lenka seg saman i maskinene.

Natur og ungdom i Engebøfjellet

LEIAR: Ingrid Skjoldvær i Natur og Ungdom skal blokkere Engebøfjellet i 24 timar.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Protestfest og planlegging

– Det er ganske imponerande at så mange har tatt seg opp hit i dette vêret.

I går kom klarsignalet om at utsleppsløyvet til gruvedrifta er godkjent i absolutt alle instansar, og kan ikkje påklagast meir. Men det legg ingen dempar på aksjonen i dag.

– Vi skal ha protestfest i Vevring der blant anna Robby Blake frå Friends of the Earth of Europe skal fortelje kvifor dette internasjonalt blir sett på som galskap. Så skal vi også sjå tilbake på aksjonane og sjå framover.

Politiet er orienterte om det som skjer på Engebøfjellet, og prioriterer dette opp mot andre politioppdrag.

Vi har som føremål å avslutte ulovlege aksjonar og så fort aksjonistane til hinder for lovleg arbeid, er det aktuelt å rykke ut, seier operasjonsleiar hos politiet, Kai Myklebust.

Ho reknar ikkje slaget som tapt sjølv om Kongen i statsråd har godkjent utsleppsløyvet til Nordic Mining.

Trur ikkje slaget er tapt

– Vi har ikkje tapt før dei har starta dumpinga i fjorden. Og det har vi tenkt å gjere alt vi kan for å hindre. Vi har gitt Nordic Mining og Regjeringa ein forsmak på kva vi er i stand til. Vi har så langt berre brukt under fem prosent av dei tilgjengelege aksjonistane og vi har klart å stoppe anleggsarbeidet i tre veker. Så dei har ikkje sett noko av oss, lovar Skjoldvær.

Paroler på Engebøfjellet

PAROLER: Aksjonistane skal i tenkeboksen for å planlegge vidare aksjoniststrategi.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Prøveboringa går føre seg og om to år er det planlagt at første lass med gruveavfall blir tippa i fjorden dersom planane til Nordic Mining står seg.

– Dette blir siste aksjon i denne omgang. Vi har gitt Nordic Mining ein forsmak på dei enorme aksjonane dei kan vente seg. Vi skal jobbe vidare nasjonalt og internasjonalt for å stoppe prosjektet.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå