NRK Meny
Normal

Natur og ungdom aksjonerer mot gruvedrift i Engebøfjellet

Natur og Ungdom har sperra av vegen inn til Engebøfjellet i Naustdal der gruveselskapet Nordic Mining skal gjere prøveboringar.

Aksjonistar i Vevring

SPERRAR VEG: Aksjonistar frå Natur og Ungdom på plass i vevring.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi gjer dette fordi vi meiner det løyve som Nordic Mining har fått er noko drit, og at det ikkje kan kallast noko anna enn miljøkriminalitet, seier Gjertrud Øvretveit, som er sentralstyremedlem i Natur og Ungdom

Saman med 14 andre er ho på plass i Vevring. Aksjonistane har tatt med seg trebukkar til å sperre vegen med, og har også sett opp ein lavvo.

Gjertrud Øvretveit

AKSJONERER MOT GRUVEDRIFT: Gertrud Øvretveit er sentralstyremedlem i Natur og Ungdom.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Vi kjem til å drive tradisjonell sivil utlydnad. Vi kjem til å sette oss i vegen og nekte å flytte oss, seier Øvretveit.

Budde på aksjonar

I Nordic Mining er dei budde på aksjonar når dei no startar opp prøveboringar i Naustdal.

– Det er vi budde på. Vi har fortalt grundig om at vi skal i gang med prøveboringar, og dei har vore tydlege på at dei ynskjer å vise sitt syn ,seier Ivar S Fossum, som er administrerande direktør i Nordic Mining.

– Fryktar du at aksjonane skal forseinke prøvboringane

– Vi reknar med at det kjem til å utsette det noko, men vi håpar og trur at Natur og Ungdom respekterer at det er ein jobb som skal gjerast.

Fossum vil i dag ikkje seie noko om kor mykje dei er villige til å akseptere frå aksjonistane før dei koblar inn politiet.

Ivar S. Fossum

BUDD PÅ AKSJONAR: Ivar S Fossum, er administrerande direktør i Nordic Mining.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Det er mykje dyrt utstyr som skal på plass, og så trur også aksjonistane forlengst har fått publisitet rundt sin aksjon. Det er heilt greitt, og så forlangar vi respekt for at vi skal gjere vår jobb.

Politiet føl nøye med på situasjonen.

– Vi har beredskap, men har ingen patrulje på plass i Vevring, seier Espen Gulliksen ved operasjonssentralen til Politiet i Sogn og Fjordane.

Dumping i fjorden

Nordic Mining har fått løyve til å grave fram mineralet rutil frå Engebøfjellet i Naustdal e. Avfallet skal dumpast i Førdefjorden, utanfor bygda Vevring. Planane er klaga inn til EFTAs overvakingsorgan ESA og til Kongen i statsråd. Klaga er enda ikkje handsama, men selskapet har fått løyve til å sette i gang med prøveboringar frå tysdag av, ifølge Natur og Ungdom.

NRK har tidlegare meldt at to boreriggar skal bore 37 hull i fjellet i løpet av dei neste to månadene, til saman 6.000 meter med borekjernar.

2000 personar

– Vi er budde på å vere her så lenge det trengst, seier Øvretveit.

Organisasjonen har hittil samla over 2.000 personar på ei liste for sivilt ulydige aksjonar mot det omstridde gruveprosjektet skriv organisasjonen i ei pressemelding. Allereie no er ungdom frå heile landet på plass.

– Leiaren våre er nordlending, og det er folk her frå Stavanger og ut over dagen kjem det fleire frå Sunnfjord.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå