Til no i vinter har Riksveg 50 mellom Aurland og Hol blitt heilt stengd når veret har vore dårleg. Men ei ekstraløyvinga gjer at det no berre blir nattestengt når det er dårleg ver.
Kolonne på dagtid
- Ved dårleg ver vil det bli kolonnekøyring mellom klokka 08.00 og 22.00, men det vil ikkje bli køyrd om natta. Og denne kolonna vil no ikkje ha noko direkte tilknytting til Riksveg 7, slik det har vore tidlegare, då vi køyrde kolonne berre når denne vegen var stengt, seier seksjonsleiar Eivind Yttri i Statens Vegvesen Region Vest.
Glad ordførar
I fjor vinter var det fare for at vegen mellom Aurland og Hol ville bli vinterstengt. Etter sterkt engasjement frå mellom andre Aurland kommune vart det avverga. Og når det no heller ikkje blir nattestenging av vegen, er det godt nytt for ordførar OIav Ellingsen i Aurland.
- Det er gledeleg at vi har fått meir ressursar til å halde vegen open, seier Ellingsen.