Nattestengt i Oppljostunnelen

Grunna vedlikehald må Oppljostunnelen på riksveg 15 over Strynefjellet stenge tre timar i natt frå klokka 00.30 til 03.30. Det er ingen moglegheiter for omkøyring her. Vegen over Strynefjellet blir ikkje stengd, men Statens vegvesen oppmodar folk om å velje andre ruter i timane etter midnatt.