Hopp til innhold

Frost tok knekken på 50-100 tonn moreller

Nattefrosten i mai i fjor øydela mellom 50 og 100 tonn av morellproduksjonen i Lærdal. Men bøndene satsar likevel friskt vidare.

Harald Blaaflat Mundal

NØGD, TRASS ALT: Harald Blaaflat Mundal er optimist på vegner av landbruksnæringa i Lærdal.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Fjoråret var eit greitt år økonomisk sett, men vi skulle hatt nokon tonn ekstra med morellar og bringebær. Med det som utgangspunkt så var årsresultatet i fjor heilt greitt, seier dagleg leiar for Lærdal Grønt, Harald Blaaflat Mundal, til NRK.

Verksemda fekk om lag 450.000 kroner i overskot i fjor, noko som er over 300.000 kroner lågare enn i 2013. Forklaringa ligg rett og slett i dei spesielle vêrtilhøva som råka Lærdal i periodar i 2014.

Austavind og frost

– Det rauk om lag 50 tonn med morellar med nattefrosten i mai i fjor. Vi hadde ein mindre bringebærproduksjon enn det vi kunne ønska på grunn av uttørking. Det var ein stri austavind i Lærdal i månadsvis. Det påverka volumet vårt og dermed inntektene, seier Mundal.

Utsorterte moreller på Lærdal grønt

FROSTEN ØYDELA: Om lag 50 tonn av morellavlinga i Lærdal blei aldri noko av som ein følgje av nattefrosten i fjor vår.

Foto: Lærdal grønt

Trass i redusert overskot for samvirkeselskapet Lærdal Grønt, er han på alle måtar optimist med tanke på framtida for den store landbruksnæringa i kommunen.

– Vi har solide produksjonar i botnen, særleg då poteter og gulrot. I fjor var det eit veldig bra gulrotår. Vi plantar ut mykje av både morellar og bringebær, og vi skal ha ein vekst framover på inntektssida.

Går tilbake til produsentane

Salsinntektene for Lærdal Grønt hamna på 61,6 millionar i 2014, og verksemda er blant dei 50 største verksemdene innan frukt og grønt i Norge.

– Så lenge vi klarer å halde styr på kostnadane, så skal det gå bra i åra framover også. Vi er jo eit samvirke, så overskotet skal i hovudsak gå tilbake til produsentane. Men vi må sitje att med eit såpass stort overskot at vi må klare å ta naudsynte investeringar framover, slår Mundal fast.