Hopp til innhold

Nattefotball øydelegg søvnen

Sparka fotball frå klokka to til fem om natta.

Dale i Høyanger

LIGG VAKNE: Innbyggjarane på Olaibøen på Dale i Høyanger tettstad.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Lyden frå ein ball som vert sparka i treveggane i ballbingen bêr godt, seier ein av bebuarane ved ballbingen på Olaibøen i Høyanger til Ytre Sogn.

I løpet av sommaren har det fleire gonger vore støy frå ballbingen mellom klokka 23 og eitt om natta, melder avisa. Det til trass for at reglane forbyr fotballsparking i ballbingen etter klokka 23. Denne veka nådde nattefotballen nye høgder.

– Då føregjekk ballsparkinga frå klokka to til fem. Vert det ikkje slutt, er politiemelding neste steg, seier bebuaren til Ytre Sogn