Hopp til innhold

Nattbussen køyrde rett i geiteflokk

Over 30 geiter blei drepne då nattbussen køyrde inn i flokk som låg midt i vegen. – Det var eit grufullt syn, seier geitebonden.

Video 33 geiter drepne av nattbussen

33 geiter drepne av nattbussen

Påkjørsla skjedde i sekstida søndag morgon på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden i Jølster, på vegen mellom Skei og Sogndal.

– Eg er heilt tom innvendig

For geitebonde Ole Kristian Kjøsnes er dette ein vond dag. Heiltidsbonden hadde 119 mjølkegeiter, i dag tidleg blei 33 av dei påkøyrde.

– Dette er både ein tragedie for meg og ein dyretragedie. Eg er heilt tom innvendig, seier han til NRK.no.

Kjøsnes som har drive på med geiter i 15 år, fortel om eit grufullt syn som møtte han.

– Det er heilt vanvittig, slikt skal ikkje skje. Det var heile geiter og halve geiter, og delar av geiter overalt. Eg tenkte at det går ikkje an at slikt skjer. På ein strekning på 20 meter låg det kadaver overalt. Det var eit grufullt syn for ein som driv med dyr, seier han.

(artikkelen held fram under biletet)

Ole Kristian Kjøsnes

TRIST DAG: Geitebonde Ole Kristian Kjøsnes mista over ein fjerdedel av geitene sine.

Foto: Steinar Lote / NRK

Midt i beiteområde

Entreprenør frå vegvesenet og brannmannskap kom til staden for å hjelpe til med oppryddinga.

Vegen der geitene blei påkøyrde, ligg midt i eit beiteområde. Mange bilistar som køyrer langs vegen her er vane med å sjå geiter i og ved vegbana.

– Vegen er svingete, men likevel ganske oversiktleg, seier han.

Geitebonden har vore i kontakt med busselskapet og han reknar med at det etterkvart ordnar seg med erstatning for dei tapte dyra.

Sjåføren fortalde til bonden at dyra låg midt i vegen.

– Også bussjåføren var sjokkert over det som hadde skjedd, seier Kjøsnes.

(artikkelen held fram under biletet)

Drepne geiter i Kjøsnesfjorden

LÅG STRØDDE: Over 30 geiter måtte bøte med livet i Kjøsnesfjorden søndag morgon.

Foto: Privat

Billaget beklagar

Direktør i Firda Billag, Peter Midthun, seier hendinga er tragisk.

– Det er ei dyretragedie og det går inn på alle som jobbar her. Det er berre å beklage det som har skjedd.

Han har vore direktør i billaget i to og eit halvt år og har aldri opplevd liknande.

– Dette er ikkje daglegdags for oss.

Det var få passasjerar ombord i bussen og dei blei frakta vidare i drosje. Sjåføren hadde køyrd heile natt og hadde ein time igjen av turen mellom Oslo og Førde.

– Sjåføren er prega av situasjonen og tek det tungt, seier direktøren.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.