Natta for krangling og slagsmål

Slik var det i alle fall for politiet sine arbeidsoppgåver natt til søndag.

Politi illustrasjon

MYKJE UROKRÅKER: Politiet fekk litt å gjere på også denne laurdagsnatta.

Foto: Kyrre Lien/Scanpix

Det starta relativt roleg, med ei utrykking i Florø der musikk måtte dempast. Personen som budde der hadde sovna med musikken for fullt, til frustrasjon for naboane.

Så gjekk det over til ein annan type bråk. Ein person fann det for godt å gå frå pub til pub og lage bråk i Måløy. Då vedkommande også kom med trugslar mot politiet, var det nok, og personen måtte i arresten.

I Sogndal måtte politiet mekle mellom eit kranglande par. «Ordna på staden og sett i marsj heimover», skriv politiet på Twitter.

Deretter var turen komen til Årdal, der politiet måtte rykke ut til eit slagsmål i Øvre Årdal. Politiet klarte å ordne opp, men har tilrådd ein av partane om å politimelde hendinga. Like etter fekk politiet også melding om skadeverk på ein bil utanfor ein utestad, også det i Øvre Årdal. Politiet skriv at det er moglegvis ein kjend gjerningsmann.

Slåstinga og bråket slutta ikkje heilt der. Seinare var det ein rusa person i Førde som laga bråk i sentrum. Politiet køyrde personen heim, før dei avslutta i ei leilegheit i Florø. «Meld om bråk og tumultar», skriv politiet. Også der viste det seg å vere slagsmål på gang, og politiet har planar om å følgje opp over helga.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.