Hopp til innhold

Nasjonal turistveg i Gaular er truga av vindkraft

HESTAD (NRK): Vindkraftutbygging står i konflikt med den nasjonale turistvegen i Gaular. Kapellet langs vegen ligg i fare for å måtte stanse drifta.

Åshild Seljesæter ser på kart som syner område for utbygging av vindkraft

FRYKTAR FOR FRAMTIDA: Åshild Kjelstad Seljesæter veit at tiltak for betring av kapellet kan gå i vasken om det kjem vindmøllepark i området.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

– Opplevinga her er så knytt til landskapet at det er ikkje vits i å drive med turisme her om synsfeltet er dekt i vindturbinar

Ei bekymra Åshild Kjelstad Seljesæter peikar på fjella som ligg rundt Hestad kapell, der ho er tilsynshavar. Gamle segn fortel om ei kyrkje her allereie på 1100-talet. Kapellet som står her no vart bygd i 1805.

Åshild fortel livlig om sanndraumde prestar og sovande kyrkjegåarar. Men framtida til kapellet kan bli dyster.

Åshild Seljesæter står i døra til kapellet og ser utover Hestadfjorden

MISTER HÅPET: Åshild Seljesæter er sikker på at ein kan sjå langt etter nye tilflyttarar til bygda med vindturbinar i fjellheimen.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

Nasjonale turistvegar har som mål å byggje rasteplass, toalett og eit utsynspunkt ved kapellet. Åshild er begeistra for tiltaket. Men om omgjevnadane vert heim til ein vindmøllepark, vert planane lagde på is.

Kan miste status som turistveg

Per Ritzler

EIT PRINSIPP: Per Ritzler i Nasjonale turistvegar påpeiker at for dei er ikkje dette eit spørsmål om vindkraft eller ei. Alle store industrianlegg langs deira vegar står i konflikt med grunnverdiane dei arbeider utifrå.

Foto: Marianne Malmo / NRK

Nasjonale turistvegar har 18 satsingsområde i Noreg. Blant desse finn me Gaularfjellet. Her har 160 millionar kroner vorte investerte dei siste ti åra. Seniorrådgjevar i turistvegseksjonen, Per Ritzler, seier det er uhyre strenge krav til deira kvalitetsstempel.

– Om desse vindkraftplanane for Gaular skulle bli realiserte, vil det forringe desse grunnverdiane. Derfor står vegen i fare for å miste sin status som nasjonal turistveg.

Han seier det er viktig å påpeike at Nasjonale turistvegar er ein samla attraksjon, og at om éi strekning tapar kvalitet, gjer alle det. Derfor vil synleg vindindustri føre til at strekninga der ein finn Hestad kapell vert avskilta.

Illustrasjonsbilete Gaular vindmøller

ILLUSTRASJONSBILETE: Hestadgrend Grendalag har fått laga eit illustrasjonsbilete av korleis synsfeltet rundt Hestad kapell vil vere om vindmølleparken blir realitet.

Foto: Hestadgrend Grendalag / HÃ¥vard Heggen

Andre deler av landet kan verte ramma

Same interessekonflikten kan oppstå i andre deler av landet. Langs Helgelandskysten er det foreløpig ikkje eit akutt problem, men i Havøysund i Finnmark finn ein eksempel på motstridande interesser, fortel Ritzler.

Selvika

LIGG INNANFOR RAMMA: Havøysund er eitt av områda turistvegseksjonen har valt å satse på. Selvika langs denne strekninga, ligg innanfor NVE si ramme.

Foto: Reiulf Ramstad Arkitekter RRA / Reiulf Ramstad Arkitekter RRA

Likevel meiner han at det ikkje er eit paradoks at NVE si nasjonale ramme omfattar område der Statens vegvesen satsar på turistvegtiltak.

– Vi har våre interesser og vårt ansvar, og NVE har sitt ansvar og sine oppdrag. Om våre forskjellige interesser skulle kollidera på nokon måte, og gå i konflikt med våre grunnverdiar, må vi skilte av den delen av vegen som vert råka, seier Ritzler.

Utbyggar undrar seg over turistvegane si formulering

Prosjektutiklarane Pål Gjesdal og Kjetil Bjørndalen Traaen Fred Olsen Renewables

50 TURBINAR: Pål Gjesdal og Kjetil Traaen meiner dei har signaturar til om lag 50 turbinar, og at om rammeplanen ikkje vert vedteke vil dei leggje inn vanleg søknad.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

I eit brev til Gaular kommune skriv leiar i Nasjonale turistvegar, Jan Andresen, kva konsekvensane av vindkraftutbygging vil vere for deira arbeid. Vindkraftutbyggar i Gaular, Fred Olsen Renewables, meiner skrivet til Andresen ikkje legg konkrete planar til grunn.

– Me kjenner til skrivet. Det me stiller spørsmålsteikn ved, er orda han har brukt. Han seier «planane ein no ser teikninga av...». Men me har ikkje vist planar, og eg lurer derfor på kva han har lagt til grunn, seier prosjektutviklar Kjetil Bjørndalen Traaen.

Dei seier dei har signaturar frå grunneigarar til om lag 50 turbinar, men at potensialet i området ligg på 80. Til liks med motstandarane følger dei med på korleis kommunen stiller seg til den nasjonale ramma.

19. september sa formannskapet i Gaular kommune nei til NVE si ramme for vindkraft. Kommunestyret skal seie sitt den 26. september.

Framtida til ei bygd

Åshild Seljesæter fortel om konsekvensane av vindkraftutbygging i området

VERDSET URØRT NATUR: Åshild vil verne om det vesle som er igjen av urørt natur i Noreg.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

Åshild Seljesæter er oppteken av å få nye tilflyttarar til bygda. Ho seier den vakre naturen er heilt uvurderleg for å få fleire inn i nærmiljøet. Ho trur vindkrafta vil stanse folk som kunne tenkje seg å flytte til kommunen.

– Eg kjem ikkje til å kunne jobbe for tilflytting, det nyttar ikkje i ettertid. Dei som er komne seier dei vurderer å flytte, fortel ho.

Uttalar om den nasjonale ramma til NVE har frist til 1. oktober, då skal ramma bli vurdert hos Olje- og energidepartementet. For Åshild kjennest det ut som heile bygda si framtid står på spel.

Hestad kapell i Gaular

UVISS FRAMTID: Lagnaden til det vesle kapellet er avhengig av kva som skjer med naturen kring kulturminnet.

Foto: Elias Håvarstein / NRK