Hopp til innhold

Her finn nyutdanna Odin narko på rockefestival

FØRDE (NRK): Berre hittil i år har hundane på Vestlandet gjort 214 beslag av narkotika. Nyleg fekk Vest politidistrikt godkjent narkotikahund fire og fem.

Narkotikahunden Odin markerar narkotikafunn

FUNN: Den nyutdanna narkotikahunden Odin (6) markerer eit narkotikafunn under rockefestivalen Malakoff på Nordfjordeid i sommar.

Foto: Øyvind Førde

– Dersom Odin får snurten av narkotika tek han av uansett, seier politibetjent og hundeførar Øyvind Førde.

Mellom anna var hunden med på jobb under ein av dei største festivalane i landet, Malakoff rockefestival. Der blei det gjort funn.

Med politihalsbandet sitt på, pesar Odin utolmodig mens han ventar på at eigar Øyvind set han i gang med treningssøket.

Narkotikahunden Odin blei ferdig utdanna tenestehund 5. juli i år, og er no ein av to narkotikahundar i Sogn og Fjordane. Før han blei klar for å tenestegjere i politiet, måtte Odin gå gjennom mentaltest og intensiv trening for å vere forberedt på kva han vil møte i felten.

– Me byrja treninga allereie i 2012. Eg har testa fleire hundar som ikkje har eigna seg som narkotikahundar, men Odin kom seg gjennom nålauge, seier Førde.

FUNN: Hundeførar Øyvind planta q-tips med amfetaminlukt som Odin markerar på.

TRENINGSSØK: Hundeførar Øyvind Førde står klar til å gje Odin påskjøning etter å ha gjennomført eit vellykka treningssøk av bomullspinnar med amfetaminlukt.

Foto: Elise Kvien / NRK

Ein fyrste tur på rockefestival

Hittil i år har narkotikahundane i Vest politidistrikt gjort 214 beslag av narkotika på 246 oppdrag. Berre under årets rockefestival Malakoff på Nordfjordeid vart det 14 pågripingar etter at Odin fant narkotika.

– Det var i løpet av dei fyrste dagane til Odin på jobb. Då vart telt og personar ransaka etter han hadde markert på dei.

LUKTESANS: Narkotikahunden Odin finn stadig meir narkotika

LUKTESANS: Narkotikahunden Odin finn stadig meir narkotika.

Foto: Elise Kvien / NRK

I Førde har ikkje politiet hatt politihund på nokre år. Etter at Odin vart godkjent, har dei hatt vesentleg fleire beslag.

– Dersom politiet har tatt ei avgjerd om å gå inn i ei leilegheit, blir Odin med inn for å søkje etter narkotika. Han er eit veldig godt verktøy å ta med seg på jobb, seier Øyvind Førde.

Hundane stadig viktigare

– Jobben dei gjer er uvurderleg, seier politioverbetjent og fagleiar for seksjon hundeteneste Ole Bjørn Brudvik i Vest politidistrikt.

– Hundane finn narkotika som vi i politiet ikkje finn. Det har også blitt gjort funn av pengar knytt til narkotika, samt varierande funn frå små brukardoser til fleire kilo.

Fram til juli i år var det berre tre narkotikahundar i politidistriktet. Sidan då har to nye hundar blitt godkjende.

– Det er heilt klart at disse hundane vil gjere ein god jobb framover.

Han meiner også at dei har ei førebyggande effekt.

– Fleire tenker at dette kan bli avdekka av ein narkotikahund, og dermed gjerne unngår narkotika.