Hopp til innhold

Narkohund fann narkopengar i førstehjelpsveske

Fordelt på to konvoluttar og ei førstehjelpsveske under isolasjonen på kryploftet hadde sunnfjordingen oppgjeret frå narkosalet. Så kom narkotikahunden ...

Fjordane tingrett

ILLUSTRASJON: Sunnfjordingen i 20-åra erkjende langt på veg tiltalepunkta mot han.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Sunnfjordingen i 30-åra har vore rusmisbrukar i kring 20-år, og fekk nyleg nok ein dom for brot på narkotikalova.

Fann narkotikaoppgjer

Lovbrota var både gamle og av nyare tid, noko tingretten tok omsyn til då dei dømde mannen til fengsel i ti månader.

Tre av månadane vil mannen sleppe å sone dersom han held seg på rette sida av lova dei neste to åra.

Mannen må også sjå staten ta hand om 10.200 kroner som ein narkotikahund spora opp i bustaden hans. Politiet meinte dette stamma frå sal av narkotika, noko han erkjende.

Fann amfetamin

Sunnfjordingen erkjende langt på veg lovbrota han stod tiltalt for. Han skal ha kjøpt og brukt hasj og amfetamin, og skal ha seld over 100 gram hasj og nær 80 gram amfetamin til andre.

Heime hos mannen fann også politiet narkotisk stoff. Deriblant ulike tablettar og 43 gram amfetamin. Sistnemnde ligg heilt opp til grensa til for kva som vert rekna som grovt narkotikalovbrot.

Ikkje i rehabilitering

Mannen er tidlegare straffa for tilsvarande lovbrot. Fjordane tingrett meinte narkotikamengda i saka representerer stor spreiingsfare.

Sjølv om mannen no er i jobb, og ynskjer å søkje avrusing, kunne ikkje retten sjå at han er i ein rehabiliteringssituasjon.

Av omsyn til mannen sin økonomiske situasjon, fann ikkje retten det riktig å krevje han for sakskostnader.