NRK Meny
Normal

Narkotika, og mogleg brann i hotell

Naudetatane rykka ut til eit hotell i Florø etter melding om røyk i natt.

Politibiler med og uten blålys

POLITI: Ei politihelg på det jamne, trass i fleire festivalar og arrangement rundt om i fylket.

Foto: Politiet

Då dei kom fram var det korkje røyk eller flammar å sjå. Politi og brannvern undersøkte hotellet ei stund, men fann ikkje årsaka til røyken som vart meld.

Laster Twitter-innhold

I Årdal vart ein person pågripen av politiet for sal av narkotika.

I morgontimane søndag vart tre personar arresterte og sett i arresten for bruk og oppbevaring av narkotika i Førde.

Laster Twitter-innhold

I Florø fekk ein person bot for å urinere på offentleg stad.

På offentleg stad i Florø var også den mindreårig guten som drakk alkohol. Politiet ringde til faren, som kom og henta guten.

I same by måtte politiet gripe inn overfor ein person som braut eit besøksforbod han er pålagt.

I Florø valde politiet å avslutte ein privat fest, etter fleire meldingar om støy.

I Førde måtte politiet køyre ein overstadig rusa person til legevakta, fordi han hadde skada seg.

Laster Twitter-innhold

I Luster køyrde politiet til Luster ungdomsskule der dei i helga og tidlegare har vore plaga med skadeverk. Skuleleiinga vil melde forholda, og lensmannskontoret vil følge opp neste veke.

Skadeverk vart det også gjort i Måløy. Skadane vart gjort på eigedomen til ei bedrift i byen. Politiet skriv på Twitter at dei veit kven gjerningspersonane er, og at dei vil følge opp saka over helga.

Laster Twitter-innhold

I Kalvåg har nokon meldt ifrå om at mindreårige køyrer ATV. Politiet melder at lensmannen vil følge opp.

Laster Twitter-innhold

Elles gjennomførte politiet promillekontrollar ulike stadar i fylket i går kveld.

I Årdal, som denne helga har arrangert Målrock, vart 117 bilførarar kontrollerte. Ingen gav utslag.

I Dale i Sunnfjord blåste alle 29 kontrollerte grønt.

Ved Hafstad vidaregåande skule og på Øyrane i Førde vart til saman 80 førarar kontrollerte. Alle var OK.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.