Hopp til innhold

Eit tjuetals personar arresterte i narkonettverk

Minst 20 personar er arresterte etter at politiet i Florø har rulla opp eit stort narkonettverk i kystbyen. Politiet utelukkar ikkje fleire arrestasjonar i saka.

Politi illustrasjonsfoto

RULLA OPP NARKONETTVERK: Politiet i Florø har arrestert eit tjuetals personar i ein narkoaksjon i Florø.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Det var Firdaposten som først melde om pågripingane i narkoaksjonen. Stasjonssjef ved Flora politistasjon, Robert Veseth, seier det var ein stor aksjon.

– Vi har arrestert eit tjuetalspersonar og dei er sikta for bruk, oppbevaring og sal av narkotika. Vi har beslaglagt fleire typar narkotika under aksjonen. Dessutan er to personar varetektsfengsla i høvesvis to og fire veker.

Dei pågripne skal vere i alderen 16 til 40 år.

Politiet ønskjer ikkje utdjupe kva type narkotika som vart funne under aksjonen og ikkje kva mengder som er funne. Politiet vil heller ikkje seie noko om kva rolle dei to fengsla har hatt i narkotikanettverket.

– Men det at dei to er fengsla, viser at det er viktig for oss at dei to er fengsla.

Fekk hjelp frå Oslo

Seksjon for organisert kriminalitet i Oslo politidistrikt var i Florø for å hjelpe lokalt politi med arrestasjonane.

Torstein Holand som er leiar for avdeling for Spesielle operasjonar som er eit nasjonalt satsingsområde når det gjeld narkotika. Holand seier dei årleg reiser på 4 – 6 slike aksjonar.

– Vi vurderer søknadane frå politidistrikta. Denne gongen plukka vi ut Florø. Målet vårt er narkoaksjonar på grunnplanet i dei unge miljøa. Målet er å avdekke nye brukarmiljø, seier Holand.

I aksjonen bidrog eininga med ni tenestemenn.

– I førre veke gjennomførte politiet ein samordna narkotikaaksjon i Sunnfjord og Florø. I aksjonen hadde politiet med seg mannskap frå politi i Sunnfjord og Nordfjord, og i tillegg hjelpte Seksjon for organisert kriminalitet i Oslo oss under sjølve aksjonen, seier Veseth.

Grunnen til at politiet fekk bistand frå Oslo var at aksjonen var eit samarbeidsprosjekt.

– Dermed var det tenestemenn frå Oslo som var her i førre veke som eit ledd i samarbeidet, seier Veseth.

Stoppe nyrekrutteringar

Han ønskjer ikkje å kommentere om saka med det har forgreiningar til resten av landet.

– Vi er så tidleg i etterforskingsfasen at eg ikkje kan gå inn i det.

Han vil ikkje gå i detaljar rundt etterforskinga, men understrekar at målet med aksjonen var å avsløre nye brukargrupper.

– Målet med aksjonen var å avdekke og ikkje minst stoppe nyrekruttering og ta ut omsetningsledd for narkotika.

Han utelukkar ikkje at fleire kan bli pågripne i saka.

– Vi kan ikkje utelukke at fleire kan bli pågripne i saka i nærmaste framtid. Dermed vil det ikkje vere rett av oss å seie mykje om etterforskinga.

Politiet har i lengre tid drive tett etterforsking på narkotikamiljøet. Veseth meiner det er det som har ført til pågripingane.

Ein serveringsstad er mellombels stengd i samband med arrestasjonane, opplyser politiet.