NRK Meny
Normal

Narko og festbråk

Det har stort sett vore ei roleg natt for politiet i fylket, men politiet måtte ordne opp i to tilfelle av festbråk, og to personar er arresterte for narkotikabruk

Politi-illustrasjon
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Ved midnatt måtte politiet i Sogndal rykke til ein privatfest, etter at naboane hadde klaga på bråk. Då politiet kom fram til staden var festen over og deltakarane hadde reist frå staden.

Like etter måtte politiet be russen som hadde fest på Campus i Sogndal om dempe musikken, etter klagar på bråk.

I Førde kontakta politiet foreldre for å få dei til å kome å hente nokre mindreårige born som var på russefesten på festeplassen.

I Olden kontrollerte politiet 22 sjåførar for promille, utan at noko fekk utslag på promilletesten.

Ved totida natt til laurdag måtte politiet i Førde køyre heim ein overstadig rusa person frå ein restaurant.

Ein time seinare rykte politiet ut til ein utestad i Førde etter meldingar om bråk, men problemet var løyste då politiet kom til staden.

Ved sekstida laurdag morgon pågreip politiet i Førde to personar. Dei sit no i arresten, sikta for bruk av narkotika.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser