Hopp til innhold

Når vêret bestemmer

Thomas (47) er ”stormfotograf” og Edvard (83) er sjarkfiskar. Begge lever av det havet gjev.

Stormfotograf og fiskar

TO I STORMEN: Stormfotografen og fiskaren reagerer ulikt på uvêr.

Foto: Bjarne Eldevik

Når vêrmeldinga for Vestlandet er storm og bølgjehøgder på opp mot 10 meter, reagerer dei to kystbusette svært ulikt. Edvard i Deknepollen vil kjapt få i land fiskebruket sitt, medan Thomas i Selje går ut og tek bilete.

– Det beste eg veit er full storm ved Stadt! Store bølgjer likar eg verkeleg. Og det er ikkje berre det at eg likar det det, men eg tener pengar på det òg, seier Thomas Bickhardt frå Selje.

– Eg reiser ikkje på sjøen om vinden kjem over kuling i styrke! Det har hendt at vêret har kome så brått på slik at eg måtte ha reist ut på sjøen i storm å berge fiskebruket mitt, seier Edvard Nygård i Deknepollen.

Kråkenes i full storm

STORBÅRA: Det er ved Stadhavet som Kråkenes og Ervik han er når han skal fange inn bølgene, lyset og storhavet.

Foto: Bjarne Eldevik

Vore fiskar i 67 år

83-årige Edvard Nygård, opphavleg frå Skatestraumen i Bremanger kommune, men som no bur i Deknepollen, har vore sjømann og fiskar. Han starta på eit landnotbruk som 15-åring, og det vart starten til sjøyrket som enno ikkje er slutt.

Dei siste åra etter at Edvard vart pensjonist har han drive litt sjarkfiske.
Edvard fiskar heile året, og tek kun litt fri i juli då han tek båten på land et par veker og skrapar og bunnsmører.

– Vêret var verre før

– Alle snakkar så mykje om vêret no for tida, at det bles og regnar så mykje. Kva synest du om det?

– Vêret var mykje verre før, det var mykje kraftigare vind og sjøråket
stod langt oppetter fjellsida. I dag er det sjeldan eg ser at det ryk nede på
sjøen her eg bur, seier Edvard Nygård.

Men prognosane seier at vêret er verre no enn det var da du var i tenåra!

– Det stemmer vel ikkje! No er vêret barnemat i forhold, så får no dei lærde meine sitt, seier Edvard og fnyser.

Storm ved Kråkenes

STORM: Slik ser det ut når det stormar på Stadt.

Foto: Bjarne Eldevik

Sjøsprøyt i suppa

– Den tida eg var på fiskeri og arbeidde som kokk så vart maten laga etter korleis veret var. Var det mykje vind lagde eg som regel ”stormsupa” som då var kjøtsuppe, fortel den røynde fiskaren.

– Eg huskar ein gong det var styggevêr og båten slingra noko enormt. Ventilen i byssa stod open og eg var i gang med å lage potetar og sosekjøt. Plutselig stupte båten, og ein bråttsjø slo over båten og mannskapet, og sjøsprøyten stod inn ventilen og fylte sosepanna med sjø og sausen dreiv utover omnen og golvet. Men det gjekk som regel godt når vi tok atterhald om vêret, seier Edvard.

Bøyd tre i Måløy

BØYD TRE: I Måløy kan det gå utover trea når det stormar.

Foto: Bjarne Eldevik

– Eg har ei god helse som ikkje blir påvirka av dette ruskeveret. Difor vil eg prøve nokre år til som fiskar. Sjølv om det stormar og regnar i dagevis er det alltid kjekt når det stilnar av og det blir sjøvêr, seier fiskeveteranen.

Stormfotograf frå Hamburg

Thomas Bickhardt er 47 år, frilansfotograf og kallar seg ”stormfotograf”. Han er opprinneleg frå Hamburg, og flytta til Noreg i 1994 og budde i mange år på Kråkenes fyr.

– For meg tyder vêret med vind og store bølger mest, seier Bickhardt.

Han byrja allereie som 13-åring å interessere seg for fotografering og starta opp med kommersiell verksemd i 1994 då han flytta til Kråkenes fyr. Dette med fotografering ligg i familien, seier han.

Seg sjølv i faresona

– Dei mest spektakulære bølgebileta får ein ved å setje seg sjølv i faresona. Då hender det at eg blir litt for ivrig og ikkje klarer å følgje med når storbåra kjem. Eg har fått mang ein lærepenge på dette, seier Bickhardt.

– Ein gong eg var ute ved Ervik og skulle ta nokre fine bilder av storbåra, havet var eit einaste kvitt råk, sjøen var grov og bårene kjempestore. Eg hadde plassert videostativet med videokamera og fotoapparatet så langt nede ved sjøkanten eg torde, og stod å venta på ”kjempebåra” då ho plutseleg kom og slo over meg og knuste fotoutstyret mitt i steinane, fortel fotografen.

– Det er veldig viktig å studere havet og bårene før ein går for nært sjøen. Havbåra slår mot land med intervall, regelen seier at den fjerde båra er størst. Når det blæs nordveststorm, kan bølgehøgda til tider vere enorme ute i havet ved Kråkenes, seier Thomas Bickhardt.

Kan vere farleg

Ved Kråkenes for nokre år sia vart ein ungdom tatt av havbåra og ført på sjøen og heldt på å drukne. Ungdomen skulle terge båra der båra kom brått på, og guten vart feid på havet og heldt på å drukne - så dette er ikkje noko å leike seg med.

– Eg vil ikkje rå uerfarne til å reise ut på Stadthavet når det er skikkelig hardvêr. Det kan vere farleg, ein må planlegge og lese havbåra før ein går for langt ned til havet, seier stormfotograf Thomas Bickhardt.