Hopp til innhold

Når kjem Brandangerbrua?

Skulle vore ferdig i vinter, men bygginga har ikkje starta.

Brandangersundet
Foto: Merete Husmo Høidal

- Kommunane har visst om dette. Fylket har visst det, og dei veit det sikkert på brukontoret til Statens Vegvesen. Men dei har ikkje gjort noko med det. Det verkar som om saka har stoppa heilt opp, seier lakseoppdrettar Ola Braanaas som er svært lei av å vente.

Ikkje lyst ut på anbod

Brua over Brandangersundet skal binde Ytre Gulen saman med fastlandet. No rasar 650 innbyggjarar på øyane og næringslivet over at arbeidet ikkje er i gang. Brua er ikkje ein gong lyst ut for anbod. Årsaka er at Vegdirektoratet ikkje har godkjent prosjektet.

I følgje den opphavelege planen skulle arbeidet med brua starte allereie våren 2006. Innan utgangen av 2008 skulle brua og 11 kilometer veg vere ferdig.

Ventar på godkjenning

- Vi ventar på teknisk delgodkjenning frå Vegdirektoratet, det er dei som styrer det. Før vi får den kan vi ikkje setje i gang anbodsutlysing, seier prosjektleiar i Statens Vegvesen, Arvid Hanekamhaug.

Han forklarer den lange behandlingstida med at dette er ein ny type bru som det er vanskeleg å få vurdert skikkeleg.

- Det finst ingen direkte ekspertar i landet på denne typen bruer. Difor har det teke så lang tid, seier Hanekamhaug.