Hopp til innhold

«Sogndal er feige», «Det er nesten irriterande» og «Jag är besviken»

Daniel Nannskog var tydeleg i meiningane sine då han skulle formidle kva han tykte om Sogndal sin innsats mot Sarpsborg 08 i søndagens FotballXtra på TV2.

Daniel Nannskog

IKKJE IMPONERT: Fotballekspert Daniel Nannskog var ikkje imponert over det han fekk sjå på Fosshaugane Campus i går.

Foto: Ekornesvaag, Svein / SCANPIX

Sogndal imponerte ingen i heimekampen mot Sarpsborg 08 søndag. Trass i at heimelaget var éin mann meir i over ein omgang , makta dei ikkje å få ballen i mål, og dei makta heller ikkje å skape så mange store sjansar, og kampen enda 0-0.

I FotballXtra sitt fotballpanel på TV2 var ekspert Daniel Nannskog ikkje veldig imponert over det han fekk sjå frå Fosshaugane Campus.

– Sogndal er feige, det er nesten så eg blir irritert. Det må kome beskjedar frå sidelinja om at dei må kome seg opp og presse og jage etter ballen, sa den tidlegare toppscoraren i FotballXtra (innlogging er naudsynt for å sjå sendinga i reprise).

Stor fordel

Stabæks Daniel Nannskog

TOPPSPISS: Daniel Nannskog vart toppscorar i eliteserien i 2006.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Nokre minutt før pause vart Sarpsborg 08 sin Tom Erik Breive utvist, noko mange meinte var veldig strengt.

Dermed fekk Sogndal spele halve kampen med 11 mot 10 spelarar, men det hjelpte lite.

– Ein må halde eit høgt tempo når ein er ein mann meir og spele slik at det andre laget må springe etter ballen. No er det tvert om, det er Sogndal som må springe. Eg saknar klare beskjedar frå sidelinja om at dei må høgare opp i bana, sa Nannskog.

"Trist, tristare, tristast" i Sogn Avis måndag

SOGN AVIS: Heller ikkje Sogn Avis var nøgd med det dei fekk sjå på kamp søndag.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er Sarpsborg 08 som står for spelet, medan Sogndal er ei stor «besviking» for meg, spesielt det at dei ikkje klarer å utnytta at dei er ein mann meir, sa Nannskog.

«Sogndal er feige»

Førre helg slo Sogndal regjerande seriemeistrar Molde 2–1 på bortebane, ein aldri så liten sensasjon, trass i at Molde har hatt ein forferdeleg seriestart med berre eitt poeng på fem kampar.

Fotballeksperten var klar på at Sogndal ikkje er eit lag som, i alle fall i denne kampen, stod fram som eit lag som maktar å styre ein kamp.

– Det passa dei kanskje betre mot Molde, der dei kunne ligge lågt og kontre. Når dei no skal styre, så verkar det som om dei ikkje klarer det, og det er urovekkjande. Kva som helst lag i eliteserien må kunne utnytte at dei er ein mann meir.

Han la lite mellom i enkelte delar av sendinga.

«Sogndal er feige, det er nesten so eg blir irritert» og «Det er nesten litt pinleg» var berre nokre av dei uttrykka den tidlegare toppscoraren brukte om Sogndal i periodar.

Sogndal - Sarpsborg 08

0-0: Sogndal og Sarpsborg delte poenga på Fosshaugane Campus søndag.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

– Forståeleg kritikk

Analysesjef Tom Mangersnes i Sogndal Fotball seier at kritikken frå Nannskog er forståeleg.

– Det var nok slik mange på tribunane opplevde det og. Det kunne sjå ut som vi var feige utpå der, ja.

Men han avviser at sogndalspelarane var bevisst feige.

– Vi meiner at det ikkje var slik at vi ikkje prøvde og ville, ingen må tru at vi ikkje har eit sterkt ynskje om å framstå offensive og på hogget for å ta dei tre poenga som vi sjølvsagt gjerne skulle ha teke mot Sarpsborg, men vi lukkast ikkje heilt i går.

– Sarpsborg er «utypisk norsk»

Mangersnes meiner dette har litt med motstandaren å gjere.

– Vi møter eit lag som er litt «utypisk norsk» i måten å spele fotball på, Sarpsborg har det vi på fotballspråket kallar ein veldig possession-orientert stil.

– Dei er veldig bra til å halde på ballen, og dei gongene vi prøvde å presse høgt vart vi for lett spelt forbi. Då spreier det seg usikkerheit i laget, nokre av spelarane vil opp og presse, medan andre fell djupare ned, og då blir det ikkje kollektivt nok. Då ser det ut som vi manglar den intensiteten som vi ynskjer skal vere der.

– Ikkje gode nok i går

– Er fem poeng på fem kampar godt nok?

– Etter dei motstandarane vi har møtt i sesonginnleiinga er fem poeng akseptabelt. Vi skulle sjølvsagt gjerne ha hatt fleire, og vi skulle sjølvsagt ha teke tre i går. Men vi var rett og slett ikkje gode nok i går.

Komande helg ventar Viking i Stavanger, ikkje av dei enklaste kampane for Sogndal.

– Vi veit at vi møter eit godt heimelag, men der vil vi truleg få eit kampbilete som passar oss betre enn når vi sjølve må styre tempoet og intensiteten i kampen.