NRK Meny
Normal

Grunneigarane i Myklebustdalen vann ikkje fram i tingretten

Det blir opp til Namsmannen i Bremanger å gjere vedtak om kor vidt Statnett får halde fram arbeidet i Myklebustdalen i Bremanger. Det har Fjordane tingrett bestemt.

Myklebustdalen

NÅDDE IKKJE FRAM: Grunneigarane i Myklebustdalen nådde ikkje fram med sitt syn i Fjordane tingrett.

Foto: NRK

Dermed går saka tilbake til Namsmannen i Bremanger. Det blir opp til han å ta stilling til om Statnett får tilgang til eigedommane i Myklebustdalen.

Namsmannen får saka tilbake

Kommunikasjonssjef Martha Hagerup Nilson i Statnett seier dei vil følge saka vidare.

– Statnett leser denne dommen slik at namsmannen skal ta opp att si handsaming av saka, om kor vidt Statnett får tilgong til eigedomane i Myklebustdalen.

Statnett hadde starta opp arbeidet med linja, men etter klage frå grunneigarane vedtok Gulating lagmannsrett i juni at konsesjonsgrunnlaget for linja var basert på feil fakta, og at arbeidet Statnett hadde gjort var ulovleg.

Avventar namsmannen si avgjerd

Olje og energidepartementet heldt fast på at konsesjonsvedtaket frå 2011 var gyldig. Dermed skulle Namsmannen avgjere om Statnett kunne ta opp att arbeidet. Men det aksepterte ikkje grunneigarane og klaga til Fjordane tingrett.

Dermed var det opp til Fjordane tingrett å vurdere det, og om Statnett kan gå inn att i dalen.

Hagerup Nilson vil ikkje kommentere om dommen er positiv for Statnett.

– Statnett ville at namsmannen skulle handsame saka om tilgong til eigedommane. Så no ventar vi på namsmannen si avgjerd.


Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.