Hopp til innhold

Namsmann kan bli saksøkt

Inkassofirmaet International Dept. Recovery Ltd (IDR) vurderer å gå til sak mot namsmannen i Eid, Webjørn Moa.

Konsulent Stein Raassum meiner dei har tapt kring to millionar kroner på måten namsmannen handterte ei sak dei hadde mot ein omstridd forretningsmann frå Eid.

- Grunnen er at vi ved to høve ikkje har fått utlegg som vi skulle hatt hos namsmannen i Eid. Siste gongen handla om ein konto vi oppdaga i Sverige. Dessverre fekk namsmannen  opplysingar frå eit lokalt inkassobyrå om den kontoen vi hadde tenkt å ta beslag i før ein tok til å diskutere den i sakssamanheng.

Sikta for falske vognkort

Kontoen tilhøyrde ein omstridd forretningsmann frå Eid. Forretningsmannen er blant anna nyleg sikta for å ha laga meir enn 100 falske vognkort. Tidligare er han og dømd av ein britisk domstol til å betale ein dansk bank 100 millionar kroner etter ei svindelsak.

- Kunne tømme kontoen

Inkassofirmaet International Dept. Recovery Ltd hadde eit krav mot nordfjordmannen på vel 2,5 millionar kroner - og hadde avdekt at han disponerte ein konto i den svenske banken Nornet Bank AB på to millionar kroner. Men etter at namsmannen i Eid vart kjend med dette vart det teke med i ei utleggsforretning mot forretningsmannen, slik at han vart klar over at kontoen var kjent.

Lensmann Webjørn Moa
Foto: NRK

- Og dermed kunne han tømme kontoen, på same måten som han tømde kontoen i ein lokal bank fem minutt etter at vi hadde opplyst namsmannen om den kontoen, seier Stein Raassum. 

Webjørn Moa seier han registrerer kritikken og påstandane frå inkassofirmaet, men han vil ikkje la seg intervjue om saka.