Hopp til innhold

Namnet på omkomen frigjeve

Det var Anders Gjerland (52) frå Haukedalen i Førde som natt til måndag omkom i ei trafikkulukke på E39 i Romarheimsdalen i Hordaland.

Ulukke Romarheimsdalen

ULUKKE: Politiet har frigjeve namnet til 52-åringen som omkom i trafikkulukka i Romarheimsdalen.

Foto: Livar Aksnes / Strilen.no

Det stadfestar lensmann Kjell-Idar Vangberg ved Nordhordland lensmannskontor. Namnet er frigjeve i samråd med pårørande. Gjerland etterlet seg to born.

52-åringen var på veg i retning Bergen då han frontkolliderte med ein møtande bil. Truleg i samband med at han prøvde å svinge unna for ein hjort .

– Vi meiner at retningsendringa skjedde som ein følgje av at han anten køyrde i hjorten, eller forsøkte å unngå å køyre på den. Samanstøyten skjedde då han var på veg attende til eige køyrefelt, seier Vangberg.

Personen som sat i den møtande bilen vart sendt til Haukeland universitetssjukehus, med lettare fysiske skader. Han er allereie utskriven.