Hopp til innhold

Namnestrid om storkommune: – I alle fall ikkje «IS»

FØRDE (NRK): Firda, Fyrde, Førde, Sunnfjord, Skei, eller kanskje Jølster?

Hans Jakob Reite og Fridtjov Urdal

Hans Jakob Reite og Fridtjov Urdal blir ikkje einige om kva dei meiner er det beste namnet på storkommunen i Sunnfjord. Men éin ting er dei einige om.

Foto: Bård Siem / NRK

I sommar vart det klart at Sunnfjord-kommunane Naustdal, Førde, Gaular og Jølster skal slåast saman til éin storkommune. Men det er enno ikkje klart kva denne kommunen skal heite.

Det som er heilt klart, er at det er sterke meiningar om det.

– Den bør heite Firda herad – ikkje kommune. Då knyt ein det opp mot det gamle landskapsnamnet, som vil femne om ein god del av denne regionen. Det vil vere meir nøytralt enn Førde, seier Fridtjov Urdal.

Det er Hans Jakob Reite ueinig i. Han meiner at nettopp Førde er eit naturleg namn på den store kommunen.

– Siste femti åra har Førde vakse med sine arbeidsplassar og busetnad. Det er Førde som er merkenamnet i regionen no. Så enkelt er det, seier Reite.

OB

HEIAR PÅ JØLSTER: Ottar Befring meiner Jølster er det naturlege namnet.

Han meiner at «Firda», som blir nytta om aviser, billag og den vidaregåande skulen i Gloppen, høyrer til i fortida, medan «Førde» vil vere tydeleg og greitt.

Brannfakkel frå Jølster

Den utflytta jølstringen Ottar Befring meiner den nye storkommunen skal heite Jølster.

– Det er eit unikt namn og Jølstravatnet er ganske kjent. Der Jølstra renn ut, vil sentrumet i kommunen ligge, i Førde.

Han meiner at dei andre namna vil vere der som stadar i den nye storkommunen.

– Men Jølster må vere villig til å gi ifrå seg eineretten på namnet Jølster, og tilby det til den nye storkommunen. Og det bør den nye storkommunen ta imot med takk, seier Befring.

Stadnamnekspert Arne Aasland meiner det blir feil å kalle kommunen Jølster.

– Det vil vere rart å møte «Jølster kommune» på eit skilt litt ovanfor Vadheim. Mine assosiasjonar til Jølster er knytt til der Jølster er, seier han.

Arne Aasland, storkommune i Sunnfjord

Stadnamnekspert Arne Aasland har fleire forslag til kva kommunen kan heite.

Foto: Bård Siem / NRK

Tre gongar Skei

Aasland nyttar høvet til å introdusere endå fleire kandidatar. Mellom anna Skei kan vere bra, meiner han, fordi det finst eit Skei både i Jølster, Førde og Naustdal. Eit anna forslag er Fyrde.

– I Florø vart det laga eit skilje mellom kommunen og byen. Flora og Florø by. Sidan vi lagar noko nytt, kan kanskje kommunen heite Fyrde. Då går vi hundre år tilbake, seier han.

Sjølv har stadnamneksperten ein favoritt.

– Sunnfjord er eit knallgodt alternativ. Det er eit namn med mange positive assosiasjonar. Sunnfjord er ledig på marknaden, og namnet er jo flott.

Mange forslag blir kasta inn i debatten, men i alle fall Reite og Urdal einige om éin ting. Indre Sunnfjord er ein dårleg idé.

– Tenk, kor florøværingane vil flire. Florø, kontra IS.