NRK Meny

Namneavklaring må vente

I dag har kommunaldepartement bestemt namn på åtte samanslåtte kommunar. Den nye storkommunen i Sunnfjord er ikkje blant dei. Gaular og Jølster vil at den skal heite Indre Sunnfjord. Førde og Naustdal vil at den skal heite Førde. Departementet skriv i ei pressemelding at dei tek sikte på å avgjere namnet "innan relativt kort tid".