Hopp til innhold

NAF: – Der det ikkje blir sett opp gjerder må ein slakte ned buskapen

Geiter og andre husdyr som er til stor fare for bilistane må slaktast ned, meiner NAF.

Drepne geiter i Kjøsnesfjorden

DREPNE: Over 30 geiter vart drepne på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden søndag morgon. NAF vil heller slakte ned buskapen før slike situasjonar oppstår.

Foto: Privat

Debatten om husdyr i vegbana som skapar trafikkfarlege situasjonar har for alvor blitt sett fart på etter dyretragedien i Jølster søndag.

I område der bøndene og Statens vegvesen ikkje blir samde om korleis dei skal setje opp gjerde for å sikre vegane, må ein gå drastisk til verks, meiner juridisk rådgjevar i Norges Automobilforbund (NAF), André Fimreite.

Han meiner buskapen bør slaktast ned mot at bøndene får økonomisk kompensasjon.

– Dersom dyra blir fjerna frå dei utsette stadane vil faremomenta forsvinne. Så etter vår oppfatning, burde dette vere ei alternativ løysing, seier Fimreite til NRK.no og legg til:

– Anten må ein få på plass gjerder, om ikkje må dyra vekk.

Høyr radiosaka om NAF-utspelet under

Blir ikkje samde om kva dei skal gjere

Søndag morgon vart over 30 geiter påkøyrde og drepne då nattbussen køyrde rett inn ein flokk som sov i vegbana på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden i Jølster. Bondelagsleiar Per Hilleren i Sogn og Fjordane kravde då at Vegvesenet og staten kom på bana og betaler for å sikre vegane.

– Når det blir bygd veg gjennom eit allereie eksisterande beiteområde, bør staten betale, seier Hilleren.

Men distriktssjefen i Vegvesenet, Nils Magne Slinde fortalde då at dei i fleire tilfelle har pengar til å sikre vegane med gjerder og undergangar, men at dei ikkje blir samde med bøndene.

– Det er mange grunneigarar langs vegane. Ofte er det vanskeleg å få til praktiske løysingar fordi vi ikkje klarer bli samde med dyreeigarane om kva løysingar vi skal gå for, sa Slinde til NRK.no måndag.

(Artikkelen held fram under saka)

Video Krev gjerder

KREV GJERDER: Bønder og yrkessjåførar krev gjerder langs vegar som går gjennom beiteområde.

Vil slakte ned husdyr der ein ikkje får gjerder

Fimreite understrekar at NAF aller helst ønskjer at Vegvesenet og bøndene blir samde om korleis dei kan sikre vegane med gjerder.

Men der ein ikkje kjem fram til løysingar må ein gjere noko drastisk. Om ikkje noko vert gjort fryktar dei det kan kome til å skje alvorlege ulukker som følgje av husdyr i vegbana.

NAF føreslår difor å slakte ned buskapen mot at bøndene vert kompenserte. Fimreite meiner dei både skal få ein eingangskompenasjon per dyr og i tillegg får kompensert for tapt arbeidsinntekt i nokre år fram i tid.

– Flåsete og usakleg

– Dette er eit flåsete og usakleg forslag! rasar geitebonde i Våtedalen, Vidar Sandal.

Han meiner det er alt for lettvint å føreslå å fjerne dyr med ein gong dei utgjer eit problem for samfunnet.

NAF meiner ei slik løysing kan vere god for både bønder og trafikantar, men Sandal forstår ikkje argumentasjonen.

– Det er mange argument som talar for å behalde dyra. Mellom anna dyrehald, matproduksjon og stell av naturområdet, seier Sandal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Video 33 geiter drepne av nattbussen

GRUFULLT SYN: 33 geiter vart drepne av nattbussen på riksveg 5 i Jølster søndag morgon.

– Eg tek ikkje dette seriøst

Bondelagsleiar Per Hilleren rasar over forslaget og seier NAF burde vite betre enn å føreslå noko så meiningslaust.

– Dette utspelet er urimeleg. Eg tek det ikkje seriøst, det er så meiningslaust, seier Hilleren.

– I fleire område har det lenge vore usemje mellom bønder og Vegvesenet om kva løysingar ein skal gå for. Skal ein måtte vente til det skjer ei dødsulukke før det skjer noko?

– Eg håpar ikkje ein skal måtte vente på noko dødsulukke før det skjer noko. Eg trur vi i dei aller fleste tilfelle kan få til løysingar som gangar alle, seier Hilleren.

– Bøndene må forstå alvoret

Fimreite i NAF meiner bøndene bør ha større fokus på trafikkfaren som husdyr i vegbana utgjer.

– Eg vil tru at også bøndene klarar å sjå kva faremoment det utgjer for trafikktryggleiken at dyr held seg i nærleiken av sterkt trafikkerte vegar, seier Fimreite.