Hopp til innhold

NAF er lite imponert over elbilsatsinga

Satsinga på å setje opp ladarar for elbilar er for slapp. Det meiner NAF som har gått gjennom dei politiske avtalane i dei største fylka og byane.

Hurtiglading, Førde

HURTIGLADING: Fleire kommunar i Sogn og Fjordane manglar hurtiglading for elbil. I største byen i fylket, Førde, er det berre éin ladestasjon.

Foto: Bendik Reed Årvik / NRK

NAF har gått gjennom 10 nye politiske plattformer i dei største fylka og byane for å sjå kor ambisiøse dei er på lading for elbil.

– Resultatet er langt frå godt nok, seier senior kommunikasjonsrådgjevar i NAF, Nils Sødal.

I oversynet som NAF har gjort, kjem Viken best ut med tre av seks moglege poeng. Vestland får berre to poeng.

– Frå 2025 skal det berre seljast nullutsleppsbilar. Det er reelt sett elbilar, og då må dei kunne lade over heile landet, seier Sødal.

I år estimerer NAF med at det kjem til å verte selt kring 70 000 elbilar, men infrastrukturen for lading heng altså ikkje med i utviklinga.

Jon Askeland (Sp) på garden der han vaks opp.

IKKJE HEILT SVART: Jon Askeland (Sp) er fylkesordførar i Vestland.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Meiner dei har gjort mykje

I nye Vestland fylke meiner den ferske fylkesordføraren at ikkje alt er like svart som det kan gå fram av oversynet frå NAF.

– Ein kan ikkje berre sjå på handlingsplanane, ein må og sjå på kva som alt er gjort, og der er Hordaland i dag best i landet med 216 ladepunkt, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp).

På andreplass kjem Akershus, som i dag har 150 ladepunkt. Like bra står det ikkje til i Sogn og Fjordane, som i lag med Hordaland går i lag til nye Vestland frå nyttår. Dei fekk i sommar kritikk av Elbilforeininga for at dei berre hadde 69 offentlege ladepunkt.

– Det er rett at vi har mest ugjort i Sogn og Fjordane, så her står vi framfor ei tung satsing, seier Askeland.

Oversyn over elbil-satsinga

Poeng

Område

Vurderingsgrunnlag

3

Viken

«Bygge ut flere ladestasjoner med god effekt langs fylkesveiene, og kontinuerlig vurdere utbyggingen opp mot hvordan elbilparken bygges opp og brukes. Stimulere kommunene til å støtte utbygging av smarte og sikre hjemmeladere for borettslag og andre typer boliger. Legge til rette for ladeinfrastruktur og fyllestasjoner for andre fossilfrie energikilder for drosjer og annen næringstransport».

3

Trondheim

«Øke støtten til el-ladepunkt i borettslag og sameier, stille krav om ladepunkter i alle nye bygg og at all ny utbygging inkluderer areal til lading».

3

Stavanger

«Flere ladepunkter for el-bil, gjennom blant annet tilskudd til borettslag».

2

Vestland

«Etablere fleire ladestasjonar».

2

Telemark-Vestfold

«Det skal gis årlig støtte for bygging av ladestasjoner for elbiler utenfor hovedveiene, hvor forutsetningen er at det i 2023 skal være mulig å velge elbil uavhengig av hvor i det nye fylket en er bosatt».

2

Nordland

«Nordland fylkeskommune skal ha et mål om gradvis utbygging for å få svært god dekning av ladestasjoner i hele fylket. Kraftselskapenes nettutbygginger i Nordland må ta høyde for økt kraftbehov som følge av elektrifisering…».

2

Drammen

«Fortsette en storstilt utbygging av elbilladere, med moderat betaling».

2

Oslo

«Lage en tiltakspakke for bedre luft og mobilitet i ytre by som inkluderer støtteordninger for lading" (…). "Vi vil stimulere til bruk av elbiler».

1

Bergen

Ingenting om lading.

1

Tromsø

Ingenting om lading.

Ekspander/minimer faktaboks

Treng ladehubbar

I sin oversikt sablar også NAF ned elbilsatsinga til det nye byrådet i Bergen.

Sjølv om både Vestland fylke, Nordland fylke og Oslo nemner lading i sine plattformer, er NAF likevel ikkje imponert over satsinga.

– Når Vestland fylke seier at dei vil «etablere fleire ladeplassar» så er det for slapt. Våre tal viser at Vestland treng over 500 nye ladepunkt langs dei mest trafikkerte vegane fram mot 2025, for å halde tritt med elbilsalet, seier Sødal.

Nils Sødal, Senior kommunikasjonsrådgiver i NAF

FOR SLAPT: Nils Sødal er senior kommunikasjonsrådgjevar i NAF.

Foto: NAF

Lovar å trappa opp

Heller ikkje Bergen by, som i ein periode har vore den byen i landet der flest har kjøpt elbil, kjem godt ut i NAF-oversikta. Byen får stryk for ikkje å nemna ladeinfrastruktur i den politiske plattforma.

– Eg kjenner ikkje til metodikken som NAF har brukt, men hadde dei kjent til korleis vi har tenkt rundt lading og andre klima- og miljøtiltak, ville dei nok gjort ei anna vurdering, seier klima-, miljø- og byutviklingsbyråd Thor Haakon Bakke (MDG).

I Vestland peikar Askeland på at litt av forklaringa på den litt vage formuleringa er at satsinga til no har vore ulik i dei to fylka som frå årsskifte skal bli eitt.

– Men allereie i mars skal administrasjonen i det nye fylket legge fram eit nytt forslag for den vidare satsinga. Der vert tempoplanen langt meir ambisiøs. Det kan eg love, seier Askeland.