Hopp til innhold

NAF vil gjere det billigare å køyre i distrikta

Norges Automobilforbund ynskjer å etablere Vegprising, ei ordning som vil samle avgifter knytt til bil, drivstoff og veg. Dette kan gjere det billegare å køyre i Sogn og Fjordane.

Her kan det bli dyrare å køyre

NAF sitt forslag kan mellom anna gjere det dyrare å køyre i rushtida i Førde.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Forslaget, som nyleg blei lagt fram for regjeringa, kan gjere det billigare å køyre bil der det ikkje er andre tilbod, til dømes i distriktsfylke som Sogn og Fjordane. Lokallagsleiar i NAF Fjordane og Ytre Sogn, Bente Liabø Thorsen vil også at dei som ikkje nyttar kollektivtransport der det er mogleg, skal betala meir.

Lokallagsleiar i NAF Fjordane og Ytre Sogn, Bente Liabø Thorsen.

YNSKJER: Thorsen ynskjer at fleire skal nytte elbilar, slik som NAF-kontoret sin.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Vegprisinga kan, ifølgje NAF, nytte seg av bombrikkene mange allereie har i bilen. Dei kan spore kva slags bil ein køyrer, kvar ein køyrer og kva tid ein er på vegen. Alt dette blir so rekna ut til ein vegpris, som erstattar alle noverande bilrelaterte avgifter og bomringar. Thorsen meiner at ein kan gje avslag til miljøvenlege bilar, og dermed gjere desse meir gunstige å køyre.

– NAF ynskjer at det skal koste å forureine i byane, seier Thorsen.

Påverkar byar mest

Den nye avgiftsordninga vil i hovudsak påverke storbyar der ein har større kø- og miljøproblem, slik at ein unngår smog og giftlok som Bergen opplevde i fjor, fortel lokallagsleiaren. Ho meiner dei som ikkje har noko val, bør halde fram med å bruke bil, men dei som kan, bør ta buss og tog.

– Dei fleste i dette fylket må bruke bilen, ettersom der ikkje finst noko kollektivt alternativ, seier Thorsen, som sjølv bur i Dale i Fjaler.

– Samstundes ser me noko storbyproblematikk i mellom anna Førde, så her vil vegprisinga auke avgiftene i rushtida, legg ho til.

Må satse på kollektivtrafikken

Yrkestrafikkforbundet har visse forutsetningar for vegprisinga

HUGS KOLLEKTIVTRANSPORTEN: Klungnes er positiv til ordninga, men ynskjer at det skal gjerast unntak for buss- og lastebilnæringa.

Foto: Yrkestrafikkforbundet

– Me er positive til vegprising av privatbilar, men då må det tildelast meir pengar til kollektivtrafikken, seier forbundsleiar for Yrkestrafikkforbundet Jim Klungnes.

Klungnes understrekar at kollektivnæringa må ha midlar nok og vere budd om ei slik ordning blir innført.

Om NAF lukkast, og folk let bilen stå, må det vere plass på bussen

Jim Klungnes, forbundsleiar for Yrkestrafikkforbundet.

Han ynskjer også at nyttetransportnæringa blir unnateke vegprisinga. Det vil mellom anna leggje endå større press på lastebilsjåførar dersom dei må leggje opp ei lengre rute for å unngå byar, seier forbundsleiaren.

Ikkje ein ferdig plan

Ho ynskjer at folk forstår at denne løysinga ikkje vil auke bilavgiftene i gjennomsnitt, men fordele avgiftene annleis.

– Korleis dette slår ut økonomisk, veit ikkje NAF enno, avsluttar Thorsen.

Regjeringa har enno ikkje ytra seg om forslaget.