Hopp til innhold

Slik ser det ut i Lærdal no - bli med tett på brannområdet

Bli med ned i gata der brannen starta. Bileta viser dei enorme øydeleggingane etter brannen. Ein så omfattande brann har ikkje politimannen vore borti før.

Nært på brannområdet

SJÅ VIDEO: Slik ser det ut i Lærdal no.

– Her ser ein området der ein antar at brannen starta. Ein er ikkje sikker på kva for hus det er, men det får vi gjerne vite når vi har begynt å etterforske og snakka med dei første som melde om brannen, seier innsatsleiar i politiet, Bengt Ness.

Aldri sett ein så omfattande brann

23 bygningar er totalskadde i brannen som herja natt til søndag. Det er framleis store haugar med glør på fleire av branntomtene.

– Det ryk godt enda, fortel Ness.

I heile gata ser ein restar etter husa som stod der. Han seier det er flaks at det ikkje gjekk enda verre.

– Eg skjønte på dei som var her i natt at det var veldig kritisk med tanke på spreiing heile tida. Husa her er heilt nedbrente. Eg har vore på brannar i Oslo også, men har aldri vore borti ein så omfattande brann som denne, seier han.

(Artikkelen held fram under bildegalleriet)

Brannvesen nærmaste nabo

Nærmaste nabo er ironisk nok brannvesenet i Lærdal.

– Det er ikkje så langt unna at ein ikkje hadde hatt brannbilar heller, for dei er nærmaste nabo på baksida her, seier han.

Eit område til firmaet E. Oppedal & Sønner i Lærdal er heilt nedbrent. Restar etter det som ein gong var ein bygning ligg i ein svart haug.

– Her var det også eksplosjonsfare til langt utpå dagen i dag, men det har vi no fått kjølt ned og det er trygt å vere her, fortel Ness.

laerdalsoyri_flyfoto