Nærøyfjorden treng nye båtar

Den forventa trafikkauken på Nærøyfjorden neste år, gjer at båtane som trafikkerer fjorden i dag må skiftast ut.

Ferja "Gudvangen"
Foto: Arne Eithun / NRK

Det seier reiselivssjef i Aurland, Noralv Distad.

I følgje han er både passasjerbåten og ferja som går mellom Gudvangen og Flåm for små.

Distad har allereie vore i kontakt med Fjord1 Fylkesbaatane. No er håpet at dei innfrir kravet frå reiselivsnæringa i Aurland.

- Vi har sett i sommar at båtane ikkje er store nok. Målet er å få nye båtar på plass frå sommaren 2007, seier Distad.

Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.
Mange hoppbakkar i Norge ligg som attgrodde monument frå ei gløymd stordomstid. Og utan hoppbakkar forsvinn også skihopparane. Men på Hafslo i Sogn og Fjordane held brødrene Lomheim hoppsporten i live med hundrevis av dugnadstimar, i håp om ein gong å sjå nye rekruttar sleppa seg frå bommen.