Hopp til innhold

Nærøyfjorden sikra prisdryss

Dokumentarfilmen Fjord frå Nærøyfjorden fekk i helga prisen for beste dokumentar ved filmfestivalen Cinextur i Cáceres i spanske Extremadura.

Frå dokumentarfilmen Fjord.

EKSPERIMENT: Det starta med å utforske nye vegar å lage dokumentarfilmar på. I helga sikra Fjord Ibis Film nok ein pris.

Foto: Pressefoto

Den spanske filmfestivalen har fokus på natur og reisemål. Fjord gjekk til topps i konkurranse med nær hundre påmeldte dokumentarfilmar, der fire var nominert.

Dette er den fjerde prisen filmen har vunne. I helga sikra den 5 000 euro, eller kring 40 000 kroner.

- Det er heilt utruleg. Då vi byrja å vinne prisar, så sende eg Fjord ut til 30 festivalar. Eg har tenkt å fylle opp året med prisar, ler Lisbeth Dreyer, produsent i Ibis Film i Bergen.

Ville gi svar

Fjord er ei poetisk tolking av landskapet i Nærøyfjorden gjennom dei fire årstidene. Det er Ibis Film i Bergen som står for produksjonen, medan Norsk filminstitutt og Vestnorsk filmsenter har finansiert Fjord.

Dreyer var sjølv i Cáceres og tok i mot prisen på vegne av regissør Skule Eriksen.

- Den skil seg ut på festivalane. Intensjonen var ikkje å lage ein film for å lokke turistar til Nærøyfjorden, men heller prøve å gi eit svar på film på kvifor Unesco ynskte å verne fjorden, seier Dreyer.

- Skil seg ut

Dokumentarfilmen frå Aurland har tidlegare vunne filmprisar i Estland, Russland og Romania. No skal den vidare til festivalar i mellom anna Frankrike, Slovakia og Spania. Dreyer meiner filmen skil seg ut i høve dei andre naturfilmane dei har sett på festivalane. Ho meiner filmen passar spesielt godt på det store kinolerret.

Fjord er eit fruktbart resultat av eksperimentell dokumentarfilmproduksjon.

- Vi har ingen kommentar, men spesiallaga musikk og lyd av Øistein Boassen, som er fletta inn. Det er ein flott film med dramatiske bilete frå dei fire årstidene, seier ho.

- Kan bli travelt

I Ibis si eiga skildring av filmen står det å lese at det er lyset som modellerer og skapar konturar og skfitingar frå det dramatiske fjordlandskapet.

Produksjonsselskapet har også tilsvarande produksjonar frå Lofoten og Jæren.

- Når desse skal ut på festivalar i åra som kjem, så kan det bli travelt, ler Dreyer.