Hopp til innhold

Nærmar seg utseld for rockefestival

Fire dagar før årets rockefest på Nordfjordeid er Malakoff Rockfestival nærast utselde for billettar.

Malakoff

NESTEN FULLT: Nok ein gong skal publikum fylle Plassen på Nordfjordeid under Malakoff Rockfestival.

Foto: Øystein Torheim

– Det byrjar å nærme seg grensa. I tillegg har vi hatt tradisjon for å selje mange billettar dei siste dagane, fortel festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Gler seg til å ta imot publikum

Arnt-Ivar Naustdal

GLER SEG: Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal gler seg til å ta imot opp mot 22 000 publikummarar.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid vart starta i 2002 som ei elevverksemd i regi av Eid vidaregåande skule. I 2003 var det 650 unge musikkentusiastar på friluftskonsertane på Plassen.

I 2014 var det vel 22 000 publikummarar som vitja festivalen, og Naustdal seier dei vil legge seg på det same nivået i år.

– Det kjem mykje folk, og vi er skodde for å ta i mot dei. Vi jobbar heile tida med å betre tilhøva for festivalpublikummet, fortel han.

Festivalcampen er nesten full, og leiinga reknar med at det blir 5 000 ungdomar og om lag 900 telt fordelt på området.

– Vi har strålande ungdomar i fylket vårt, så vi gler oss til å ta imot alle som kjem, seier Naustdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Malakoff

GLER SEG: Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal gler seg til å ta imot ungdomar frå heile fylket komande helg.

Foto: Øystein Torheim

800 frivillige i aksjon

Festivalen er avhengig av at folk stiller opp på dugnad. No har talet på frivillige passert 800, og om ein tar med dei innleigde aktørane er ein oppe i 1000.

– Det er nesten ein liten minifestival å administrere alle desse hendene, men det er ei kjekk oppgåve, for vi er heilt avhengige av dei, fortel Naustdal.

Malakoff Rockfestival har leigd inn større og større scener for kvart år, og i år er ikkje eit unnatak.

– Eg er litt uroa for om vi har plass, men det går vel bra til slutt, seier festivalsjefen.

Sjå bileta frå Malakoff Rockfestival 2014