Hopp til innhold

Nærmar seg snøscooterkøyring i Luster

Lustringane er no eit steg nærare å få køyre snøscooter i utmark. Dette fordi Luster kommunestyre torsdag vedtok at kommunen skal ta del i eit kommunalt forsøk med snøscooterløyper.

Snøscooter

ILLUSTRASJONSFOTO: Meir boltreplass for snøscooterar er det mange som vil ha og mange som skal få. Det er det også mange kritiske røyster til.

Foto: Torje Bjellaas

I november vart det klart at Solberg-regjeringa utvida forsøksordninga som gjev kommunane høve til å etablere snøscooterløyper for fornøyelseskøyring .

Ordninga skulle opphavleg inkludere 40 kommunar, men over 100 kommunar har fått innpass i ordninga. Luster er ein av desse.

– Vi søkte om å få vere med slik at vi kunne få til nokre scooterløyper, og no er vedtaket gjort frå kommunen si side, seier ordførar i Luster, Ivar Kvalen (Sp).

Kritiske røyster

Sjølv om det blir ei lokal forvaltning, hevdar Kvalen at det ikkje skal bli fritt fram med motorferdsel i naturen.

– Eg forstår at ein kan oppleve dette som at det skal bli heilt fritt, men vi skal ha ei streng restriktiv handtering av ordninga, seier Kvalen.

Styreleiar i Sogn og Fjordane Turlag, Marino Ask, meiner at når ein opnar for morokøyring er det allereie fritt fram.

– Vi har vore veldig klare på at det no er snakk om å opne for morokøyring og dette er ikkje i tråd med den norske friluftstradisjonen. Dette vil på ein veldig spesiell måte endre friluftstradisjonen radikalt, seier han.

– Prinsippsak

– Ulempene er openberre. Det går utover dyrelivet og friluftslivet i form av auka støy og eksos. Nærkontakt mellom scooter og folk som brukar naturen er ikkje heldig, legg Ask til.

Ivar Kvalen

VIL HA: Ordførar i Luster, Ivar Kvalen (Sp).

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Men Kvalen seier at det i vedtektene kommunen har gått inn for er strenge krav for å få løypetrasear.

– Ein må blant anna ta omsyn til kulturminne og kulturmiljø, løypene må ikkje kome i konflikt med bustad- og hytteområde og ein må vurdere støy og tryggleiken til dei som ferdast i naturen, fortel ordføraren og understrekar at dette også er ei prinsippsak:

– For meg personleg er det viktigare at kommunane sjølv får ta avgjerda gjennom lokal sjølvstyrerett, enn å få køyre snøscooter.

Hindringar i løypa

I Sogn og Fjordane Turlag peikar Ask også på at det er uvisse knytt til om dette er ei forsøksordning.

– Stortinget har stilt spørsmålsteikn ved om dette er ei forsøksordning når alle kommunane som har søkt får lov til å leggje til rette ved dette. Det spørsmålet er framleis ikkje avklara og DNT ventar no på svar frå sivilombodsmannen korleis hans vurdering er, seier Ask.

Marino Ask

VIL IKKJE HA: Styreleiar Marino Ask i Sogn og Fjordane Turlag.

Foto: Privat

Luster kommune venta med handsaminga av framlegget til det hadde vore oppe i Stortinget. Ordføraren legg til at det er ein fordel at saka vart teken opp før arealplanen var vedteken.

– Folk vil ikkje ha dette

– Skal ein leggje løypetrasear etter at arealplanen er godkjend, så må ein ha ein særeigen reguleringsplan for området og det vil medføre mykje ekstra arbeid og komplisere prosessen, seier Kvalen.

Ordføraren er optimistisk med tanke på vedtaket og viser til reaksjonar frå andre kommunar.

– Det vi veit er at der forsøksordninga har vore til no har det vore positive opplevingar knytt til det og kommunane vil halde fram med ordninga.

Ask på si side er skeptisk til dette.

– Fleirtalet av det norske folk vil ikkje ha dette her. At det er kommunar som berre har positive erfaringar med dette, er ikkje dei signala vi har fått.