Hopp til innhold

Nærmar seg semifinale med stormskritt

Med overlegen siger mot Blindheim i dag har Tambarskjelvar teke eit langt steg mot semifinalen – og dei har ikkje tenkt å la returkampen hindre dette.

Tambarskjelvar NM

FEIRAR SIGER: Tambarskjelvar har spelt seg til eit godt utgangspunkt for returkampen mot Blindheim i morgon. Mykje skal til for å stoppe dei i å gå til semifinale.

Foto: Jan N. Erdal

Laurdagens volleyballkamp blei ein enorm opptur for seniorspelarane frå Naustdal, med 3–0 (25-9, 25-16, 25-12) mot Ålesund-laget Blindheim.

– At vi vann så klart var litt overraskande. Vi visste veldig lite om laget på førehand og hadde mest fokus på vårt eige spel, seier Mari Standal.

Returoppgjer søndag

Med eit sterkt resultat i første kamp skal det mykje til for at Blindheim skal få semifinaleplassen før Tambarskjelvar.

– Vi føler vel at vi bør vinne i morgon også. Vi kjende heile tida i dag at vi hadde god kontroll, seier Standal.

NM-laget til Tambarskjelvar består av tidlegare spelarar på Tambarskjelvar og Bergenslaget BSI. Det er eitt par år sidan at desse jentene har spelt i lag på same måten som no. Tre av spelarane på NM-laget har tidlegare spelt for Oslo volleyballklubb og har vunne cupfinalen tidlegare.

Med i NM for å ha det kjekt

Det burde i seg sjølv vere eit godt utgangspunkt, men Standal meiner det først og fremst er ein bonus at dei har kome så langt som dei har kome no.

– Det er sjølvsagt moro å vinne, og det var veldig kjekt å vinne over Førde i ein jamn kamp i førre runde, men vi er hovudsakleg med for å ha det kjekt, seier ho.

Laurdag kveld er dei på veg til Ålesund for returoppgjeret med Blindheim. Den kampen skal spelast søndag klokka 09.00. Om dei vinn der er spørsmålet om dei klarar å nå heilt til topps i cupen.

– Vi har veldig lyst å vinne i morgon også, men då møter vi eit veldig godt lag i semifinalen. Då må vi spele godt og vi må ha alt på vår side, men vi får ta ein kamp om gongen, seier Standal.