NRK Meny
Normal

Nærmar seg full pott for MR-maskin

Innsamlingsaksjonen for å få på plass ei MR-maskin ved Lærdal sjukehus går så det susar. No nærmar det seg målet om 10 millionar kroner.

Ny MR-avdeling på Haukeland

SNART PÅ PLASS: Givarviljen i Indre Sogn tyder på at ei slik MR-maskin kan vere på plass i løpet av få månader, trur leiaren for innsamlingsaksjonen.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Vi har i dag fått 9,2 millionar kroner i gåve, og det betyr at vi nærmar oss målet veldig fort. Heile regionen har stilt opp og gitt pengar, fortel Rolf Jerving, leiar for innsamlingsaksjonen.

Innsamlinga har berre heldt på nokre månader. Jerving fortel at målet var å samle inn nok pengar innan årsskiftet, men bidraga har strøymt på.

– No ser det ut til at vi kjem til å nå det målet lenge før. Vi har fått mange og store gåver til no, men det burde vere realistisk å få den på plass om nokre månader, seier Jerving.

I Lærdal har dei måtte ty til eit spleiselag for å få plass viktig utstyr som skal sikre god diagnostisering av pasientar.

Enorm givarvilje

Kristen Olav Grøttebø

SPELAR FOR MR: Kristen Olav Grøttebø og resten av gjengen i Longhorn arrangerer onsdag kveld konsert til inntekt for MR-maskina.

Foto: Stig Laberg Øvstetun

Kommunane har gitt mest med om lag 6,5 millionar kroner. I tillegg har lag og organisasjonar kome med ein million, bankar og verksemder har gitt nesten ein million og store private gåver har også kome inn. Jerving er imponert over givarviljen.

– Det er heilt fantastisk at det har gått så fort. Det syner at sjølve tiltaket med å få ei MR-maskin til Lærdal har brei oppslutnad i heile regionen vår og kjem til å vere til nytte for alle som bur her, seier Jerving.

Han meiner det er bra for sjukehuset at ein får utvida tilbodet slik at ein kan bruke MR i undersøking og behandling.

Stort engasjement

Onsdag kveld vert det arrangert konsert med gruppa «Longhorn» på Villakssenteret i Lærdal. Inntektene frå konserten skal gå til MR-maskina. Billetten kostar 200 kroner og bandet håpar mange tek turen.

– Vi skal til Breim i helga, så då passa det bra med ei opplading her heime. Vi ser nytta av å få ei MR-maskin til Lærdal. Då slepp mange å reise langt, og vi får fleire MR-maskiner til landet, noko som igjen vil korte ned ventetida. Dette er vinn vinn for alle, så det er kjekt å kunne vere med å bidra, fortel Kristen Olav Grøttebø i Longhorn.

– Dette syner det store folkelege engasjementet som er rundt dette tiltaket. Det at ein brukar tid og krefter og set av pengar til eit så godt formål, det er berre fantastisk, seier Jerving.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.