Hopp til innhold

Nærmar seg endelege tapstal etter Terra-skandalen

Ei endelaus rekkje av raude tal i Terra-kommunane Vik og Bremanger kan nærme seg ein fasit. Dei to kraftkommunane har rekna på kor mykje dei har tapt på det som skulle vere ei investering i verdipapir.

Forlik i Terra-saka.

JUBEL: Vik-rådmann Oddbjørn Ese vart møtt med jubel då han i førre veke fortalde dei tilsette i Vik kommune om forliket med DNB.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Av alle raude tal rådmannen i Vik har streva med etter at Terra-skandalen var eit faktum i 2007, er det eitt tal det er verdt å merke seg litt ekstra: 78 millionar kroner.

Det endelege tapet

Vik kommune plasserte 150 millionar kroner i verdipapir med høg risiko. I 2007 sat kommunen med tre ulike papir, der to vart tvangsselde.

– På dei to tvangsselde papira tapte kommunen 70 millionar kroner, som vart finansiert med låneopptak i DNB, seier rådmann Ese.

Det kostar å ha lån, og det kostar å hyre inn rådgjevarar.

– Den totale konsekvensen for Vik kommune var 136 millionar kroner, men med forliket med DNB, slepp Vik å betale tilbake heile kravet. Reduksjonen er på 58 millionar kroner, forklarar rådmannen.

Kommunen sit då att med 78 millionar kroner, som er det samla tapet knytt til Terra-saka.

Pengar til gode formål

Forliket med DnB endra mykje, og saman med beinhard forvaltning av kommuneøkonomien i åra etter 2009, der kommunen har budd seg på det verst tenkjelege, sit no Vik med 22 millionar kroner på bok.

Vikøyri i Vik

HARDT RÅKA: Vik kommune har lagt bak seg år med økonomisk uvisse etter at Terra-saka dukka opp i 2007.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Når vi slepp å betale 58 millionar kroner, så brukar vi det på å dekke inn det attståande oppsamla underskotet på 36 millionar. Då sit vi att med 22 millionar kroner vi kan setje på fond, seier Ese.

Etter år med smalhans vert det truleg ikkje vanskeleg å finne gode formål å bruke pengane på.

– Det er klart at her er det mange forsømde område i kommunen som desse pengane vil bli gode å nytte til, seier Ese.

Meir komplisert i Bremanger

At Vik i det heile har klart å halde hovudet over vatnet i alle desse åra kan dei takke vasskraftinntektene for. I ein annan vasskraftkommune sit ein annan rådmann med eit noko meir komplisert reknestykke.

Rådmann i Bremanger, Tom Joensen

KOMPLISERT: Rådmann i Bremanger, Tom Joensen, seier Bremanger har tapt 260 millionar kroner i Terra-saka.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Ifølgje Tom Joensen hadde kommunen opphavleg eit lån i DNB på 350 millionar kroner. Det er blitt delvis nedbetalt gjennom oppgjer som er kome som følgje av at investeringsavtalar i USA er avslutta.

Tom Joensen i Bremanger kommune forklarar.

– Så viss vi skal rekne på tapet av desse investeringane så utgjer det for Bremanger vel 260 millionar kroner. Avtalen med DNB reduserte beløpet med vel 170 millionar kroner (red. anm. 172,7 millionar), seier Joensen.

Då sit kommunen att med ei gjeld på kring 87 millionar kroner. Men Bremanger har i tillegg ei uavklart sak med Danske Bank. Kommunen har vunne i to rettsinstansar, men banken kan framleis anke.

– Vinn vi fram kan vi redusere det akkumulerte underskotet vårt med ytterlegare 120 millionar kroner, seier Joensen.

Kan vente seg meir

Dei åtte Terra-kommunane ventar alle på tre uavklarte saker. Konkursbuet til Terra Securities og to forsikringssaker, saker som kommunane ikkje kan tape pengar på, men samla utgjere opp mot 350 millionar.

– Det er vesentlege beløp i potten som skal avklarast i tida framover, seier Ese.