Hopp til innhold

Nærmar seg 50 kampar for Norge

Elise Thorsnes er teken ut til EM-kvaliken i fotball mot Nord-Irland, og nærmar seg no 50 spelte landkampar for Norge.

Elise Thorsnes

PÅ LANDSLAGET: Elise Thorsnes skal spele for Norge mot Nord-Irland.

Foto: PATRIK STOLLARZ / Afp

Elise Thorsnes står bokført med 46 landskampar for Norges kvinnelandslag.

Fredag vart ho teken ut til Norges EM-kvalikkamp mot Nord-Irland 19. november. 23-åringen nærmar seg dermed ein milepæl i landslagssamanheng, og kan i løpet av kort tid få sin kamp nummer 50.

Thorsnes har tidlegare spelt for Syril, Kaupanger og Arna-Bjørnar. Ho står med sju mål for landslaget.

Laurdag kan Thorsnes ta NM-gull med Røa i cupfinalen for kvinner mot Stabæk.